Skeise-VM 1982 for kvinner
Verdsmeisterskapen på skeiser 1982 for kvinner fann stad i Inzell i Bayern i dåverande Vest-Tyskland helga 13. og 14. februar 1982. 30 utøvarar frå 15 land deltok i stemnet, av dei to frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1000 m, 1500 m og 3 000 meter.
Karin Enke frå Aust-Tyskland fekk bestetid på dei tre fyrste distanseøvingane og vart verdsmeister framom landskvinna Andrea Mitscherlich med tittelforsvarar Natalja Petrusjova frå Sovjetunionen på tredjeplassen. Mitscherlich sigra på den avsluttande 3000-meteren.
Resultat endre
Plass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
Karin Enke | Aust-Tyskland | 168,271 | |
Andrea Mitscherlich | Aust-Tyskland | 170,699 | |
Natalja Petrusjova | Sovjetunionen | 171,231 | |
4 | Gabi Schönbrunn | Aust-Tyskland | 171,576 |
5 | Sarah Docter | USA | 172,075 |
6 | Bjørg Eva Jensen | Noreg | 172,870 |
7 | Alie Boorsma | Nederland | 174,536 |
8 | Natalja Sjive-Glebova | Sovjetunionen | 175,071 |
Kjelder endre
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |