Skeise-VM 1986 for kvinner

Verdsmeisterskapen på skeiser 1986 for kvinner fann stad i Haag i Nederland helga 8. og 9. februar 1986. 34 utøvarar frå 18 land deltok i stemnet, av dei einast ein frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1500 m, 3 000 m og 5 000 meter.

Karin Enke frå Aust-Tyskland fekk bestetid på dei tre fyrste distansane og vart verdsmeister framom tittelforsvarar Andrea Ehrig-Mitscherlich som sigra på den avsluttande 5 000-meteren.

Resultat endre

Plass Utøvar Land Poeng
  Karin Enke   Aust-Tyskland 175,649
  Andrea Ehrig-Mitscherlich   Aust-Tyskland 176,810
  Sabine Brehm   Aust-Tyskland 179,732
4 Yvonne van Gennip   Nederland 180,759
5 Gabi Schönbrunn   Aust-Tyskland 181,649
6 Seiko Hashimoto   Japan 183,970
7 Marieke Stam   Nederland 184,315
8 Jelena Lapuga   Sovjetunionen 184,905

Kjelder endre