Skeise-VM 2019 i firkamp

Verdsmeisterskapen på skeiser 2019 i firkamp vart avvikla i Calgary i Canada dagane frå 9. til 11. mars. 24 menn og like mange kvinner frå 18 ulike land deltok i meisterskapen.

Tsjekkiske Martina Sáblíková vart verdsmeister for femte gong. Ho sette verdsrekord på 3 000 meter med tida 3.53,3 og på 5 000 m med 6.42,0. Miho Takagi frå Japan sigra på 500 m og 1500 m og vart nummer 2 samanlagt. Nederlendaren Patrick Roest forsvarte meistertittelen og sette verdsrekord i firkamp. Han sigra også på 5 000 meter og på mila. Antoine Gélinas-Beaulieu frå Canada fekk bestetid på 500 meter og norske Sverre Lunde Pedersen på 1500 meter.

Dei norske deltakarane vart nummer 2 Sverre Lunde Pedersen, 6 Sindre Henriksen, 10 Ida Njåtun, 11 Håvard Bøkko og 21 Ragne Wiklund.

Skeise-VM 2019 endre

Menn endre

Plass Utøvar Land Poeng
  Patrick Roest   Nederland 145,561
  Sverre Lunde Pedersen   Noreg 146,075
  Sven Kramer   Nederland 146,962
4 Douwe de Vries   Nederland 147,550
5 Ted-Jan Bloemen   Canada 148,630
6 Sindre Henriksen   Noreg 150,045
7 Danila Semerikov   Russland 150,787
8 Haralds Silovs   Latvia 151,267
9 Livio Wagner   Sveits 109,733

Dato: 2.–3. mars

Kvinner endre

Plass Utøvar Land Poeng
  Martina Sáblíková   Tsjekkia 156,306
  Miho Takagi   Japan 156,878
  Antoinette de Jong   Nederland 157,840
4 Carlijn Achtereekte   Nederland 158,021
5 Ireen Wüst   Nederland 158,231
6 Isabelle Weidemann   Canada 159,465
7 Maryna Zujeva   Belarus 159,591
8 Natalja Voronina   Russland 160,211
9 Ivanie Blondin   Canada 117,178
10 Ida Njåtun   Noreg 117,853

Dato: 2.–3. mars

Kjelder endre