Skeistorkar

fugleslekt

Skeistorkar er ei gruppe store, langbeinte vassfuglar med lange, flate og skeiaktige nebb. Dei seks artane utgjer den biologiske slekta Platalea i ibisfamilien (Threskiornithidae).

Ein rosenskeistork i Florida. Kjelde: NASA.

Fuglane lever helst i ferskvatn, men kan òg greia seg i saltvatn. Dei bruker fleire timar kvar dag på å eta. Med halvopne nebb som dei rører frå side til side leiter dei gjennom grunt vatn etter mat. Så snart dei merkar ei rørsle slår nebbet seg ihop, og insektet, skaldyret eller ein liten fisk er blitt storkemat.

Det finst seks skeistorkartar som er utbreidde over heile verda: