59°57′52″N 10°39′58″E / 59.96444°N 10.66611°E / 59.96444; 10.66611

Holmenkollbakken med inngangen til Skimuseet.
Foto: m.prinke

Skimuseet i Holmenkollen er verdas eldste museum for ski og skihistorisk utstyr. Skisamlinga til slottsforvaltar Hjalmar Welhaven danna grunnstammen i samlinga. Det vart grunnlagt i 1923 og ligg i dag ved hoppet i Holmenkollbakken.

Museet dekker 4000 års skihistorie. Det inneheld helleristingar av skiløparar frå steinalderen, ski frå vikingtida, ski og skiutstyr frå ulike landsdelar. I tillegg kan ein sjå utstyr frå ekspedisjonane til Fridtjof Nansen og Roald Amundsen. Det har ei eiga avdeling for Kongehuset si skisamling.

Bakgrunnsstoff endre