Eit skippund er ei gammal måleeining for masse, tilsvarande om lag 160 kg.

Eit vestnorsk skippund var på 8 våger eller 576 merker, mens det ved veging av landskyldkorn på sør- og austlandet har blitt brukt skippund på 720 merker.

I Kristian IVs norske lov vart skippundet fastsett til 8 våger.[1]

Ei forordning av 1. mai 1683 sette skippundet til 640 merker, eller til 20 lispund à 16 skålpund. Med ei markvekt varierande frå 249,056 g til 257,18 g gir det skippundvekter varierande frå 159,4 til 164,6 kg.[2]

Da meterkonvensjonen vart innført i Noreg i 1875, vart det bestemt at eit skippund i eldre avtalar skulle reknast likt 160 kg. [3]

Referansar endre

  1. Kristian IVs norske lov, arkivert frå originalen 1. januar 2005, henta 23. februar 2010 
  2. Skippund i Norsk historisk leksikon
  3. Lov om Maal og Vægt 1875 (PDF), arkivert frå originalen 13. august 2011, henta 23. februar 2010