Skiptvet prestegard

prestegard i Skiptvet kommune i Østfold

59°28′08″N 11°10′26″E / 59.46880°N 11.17383°E / 59.46880; 11.17383

Skiptvet prestegard
Foto: Vidar Iversen

Skiptvet prestegard ligg nord for Skiptvet kyrkje.

Hovudbygningen (våningshuset) vart hovudsakeleg oppført i 1784–88 og skal ha vore ferdig i 1838. Bygget vart omfattende vøla i 1880 og har sin noverande utsjånad frå den tida. Det dreier seg om eit laftebygg i to etasjar med ståande panel og delvis valma tak. Huset vart restaurert og oppgradert som tenestebustad i 2012.[1]

Heile prestegardsanlegget er freda. Hovudbygningen og eit stabbur er eigd av Opplysningsvesenets fond, medan gardsdrifta (med driftsbygning og eit anna stabbur) er delt frå og seld.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. OVF