Skittles er ein type godteri som vert produsert av Mars Incorporated. Godteriet var opphavleg dragépastillar med fruktsmak, men har seinare også fått andre smakar, og finst også som tyggegummi. Skittles er ikkje tilgjengelege for vanleg sal i butikkar og kioskar i Skandinavia, utanom i spesialforretningar og særs store supermarknader. Skittles-godteriet som vert selt i Nord-Amerika er tilsett gelatin, noko dei ikkje er i Europa, og det er difor skilnad på smaken.

Skittles.

Ulike Skittles-typar endre

  • Original (raud pakke) - Fruktsmak.
  • Wild berry (lilla pakke) - Smak av ville bær.
  • Tropical (blå pakke) - Smak av tropiske frukter.
  • Smoothie mix (rosa pakke)
  • Skittles sour (grøn pakke) - Sure skittles.
  • Xtreme fruit - Smak av eksotiske frukter.

Bakgrunnsstoff endre