Skjálfandi er ei bukt nord på Island. Namnet tyder «skjelvande» på norsk og kan referere til jordskjelv som oppstår ganske ofte i området. Dei fleste jordskjelva er derimot for svake til at dei kan merkast.

Skjálfandi på Island
På utkikk etter kval i Skjálfandi

Bukta vart opphavleg danna av isbrear og to elvar munnar ut i ho: Skjálfandafljót, som er ei breelv og Laxá som er ei ferskvasselv. Laxá er kjend for laksen som finst her (lax tyder laks på norsk) og delar av elva er verna av Ramsar-konvensjonen.

Den største staden i Skjálfandi er Húsavík, som ligg på andre sida for Kinnarfjöll, fjellkjeda på andre sida av bukta og som er dekt av snø året rundt. Den høgaste toppen her er på rundt 1 100 meter. Som dei fleste fjell på Island har dei vulkansk opphav.

Bukta er kjend for dei mange kvalartane som stundom held til her. Det er lettast å observere desse på kvalsafari frå Húsavík.

Den svenske vikingen Gardar Svavarsson var den første europearen som busette seg på Island, rundt 860. Han bygde eit hus Skjálfandi, men var her berre eitt år før han forlet Island igjen.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre

66°05′N 17°33′W / 66.083°N 17.550°W / 66.083; -17.550