Skjemtegaukfestivalen

Skjemtegaukfestivalen har vorte arrangert kvar sommar sidan 2004. Festivalen vert helden i Ulsteinvik og er den minste av dei årlege humorfestivalane i Noreg. Sidan 2006 har den vorte arrangert på Kaffebaren i Ulsteinvik.

Festivalen vart arrangert for fyrste gong i 2004, med komikarar som Tore Haukenes, Siri Kristiansen, Kyrre Solem Larsen, Nils Ingar Aadne og Marit & Mahala Show.

Komikarar på festivalen: endre

2007: Tobben Tveit, Yngve Skomsvoll, Tore Haukenes, Kristine Magnesen, Christer Torjussen, Glenn Erland Tosterud, André Ulveseter, Magne Storvik, Kyrre Solem Larsen, Tasle Torrissen og Henrik Bjørnstad Overaa

2008: Tore Haukenes, Yngve Skomsvoll, Henrik Thodesen, Kristine Magnesen, André Jerman, Elsa Kåss Furuseth og Siri Kristiansen

2009: Vidar Hodnekvam, Jahn Gorakh Mjaadal Bremvatn, Christoffer Schjelderup, André Ulveseter og Joachim Skage

2010: Ole Soo, Tore Haukenes, Vidar Hodnekvam, Christer Torjussen, Ellinor Christiansen, Janne Rønningen, André Ulvester, Roger Sundgot og Henrik Bjørnstad Overaa

Årets skjemtegauk endre

Publikumsprisen, Årets skjemtegauk, vert delt ut til den komikaren som har gjort mest inntrykk på publikum kvart år. I 2010 vart Vidar Hodnekvam den fyrste komikaren til å vinne prisen to gonger.

Tidlegare vinnarar: endre

2004 - Kyrre Solem Larsen
2005 - Christer Torjussen
2006 - Tore Haukenes
2007 - Yngve Skomsvoll
2008 - Henrik Thodesen
2009 - Vidar Hodnekvam
2010 - Vidar Hodnekvam

Andre nettstader endre