Skjermflygarar

pattedyrorden
Skjermflygarar
Utbreiing
Utbreiinga av skjermflygarar
Utbreiinga av skjermflygarar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Pattedyr Mammalia
Underklasse: Theria
Infraklasse: Placentale pattedyr Placentalia
Overorden: Euarchontoglires
Orden: Skjermflygarar Dermoptera
Simpson, 1945

Skjermflygarar (Dermoptera), også kalla kaguangar eller kolugoar, er ein orden av pattedyr. Dei vert også nokre gonger kalla flygande lemurar, men dei er ikkje lemurer. Dei er ganske store dyr med flygehud mellom føtene og høyrer naturleg heime i låglands- og fjellskogar i Søraust-Asia. Ein reknar med éi slekt med berre to artar av desse dyra i dag.

Springande Cynocephalus volans. Teikning frå Brehms Thierleben, 1883.

Skildring endre

Skjermflygarar er slanke dyr med lange føter. Dei har klør som gjer dei til dugelege klatrarar. Dei har ein omfattande skjerm av hud som bind saman alle beina og halen, og til og med fingrane. Han verkar som ein fallskjerm og gjer dei i stand til å glidefly meir enn 70 meter frå tre til tre, noko som overgår dei fleste andre pattedyr som kan gjere det same. Dei kan ikkje fly aktivt, og nede på bakken rører dei seg dårleg. Dei lever hovudsakleg av blad og frukt. Hoindivid får éin unge om gongen. Han er i høg grad uutvikla og lever den fyrste tida i skjul av huda til mora.

Auga er godt utvikla, og det har vore føreslått at skjermflygarane stammar frå dyr som var tilpassa livet i den antarktiske skogen som fanst på det no islagde kontinentet for fleire millionar år sidan, og som var mørklagt halve året. Det finst også kjende fossile slektningar i familien Plagiomenidae frå Nord-Amerika for 60–50 millionar år sidan.

Menneska jaktar på skjermflygarar for kjøtet og huda sin del. Dei har også vore fanga fordi dei kan gjere skade på gummi- og kokosplantasjar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre