59°29′7″N 5°35′28″E / 59.48528°N 5.59111°E / 59.48528; 5.59111

Europaveg 134 går heilt nede ved sjøen eit kort stykke ved Skjold i Vindafjord.
Foto: Michael Spiller

Skjoldafjorden er ein del av Hervikfjorden og Boknafjorden på grensa mellom kommunane Tysvær og Vindafjord i Rogaland. Denne delen av fjorden startar like nord for Borgøya og strekkjer seg rett nordover til tettstaden Skjold i Vindafjord.

Fjorden har innløp ved Slogvikøya ved Slogvik og eit lite stykke lenger nord stikk den nesten 2,5 km lange Romsalandsvågen seg vestover. Vidare nordover ligg Skjoldastraumen. Dette er eit særs smalt stykke av fjorden, berre om lag 15 meter, og her kryssar Riksveg 515 fjorden over to bruer. Midt i dette sundet ligg ein liten holme som berre vert kalla Holmen. Lenger nord vert fjorden vidare att og sør for Skjold deler fjorden seg i fleire retningar. Ein del held snur sørvestover og held fram som Grindefjorden på andre sida av Nesøya. Den andre delen går austover forbi Otertangen og deler seg i buktene Frøvika i nord og Langalandsvika i sør. Frå innløpet i sør og inn til botn av Langalandsvika er fjorden 15 km lang. Inkludert Grindefjorden er han 24 km lang, medan heile fjordsystemet frå innløpet til Hervikfjorden til botn av Grindefjorden er 38 km langt.