Skogbruk er utnytting av skog til produksjon av tømmer, massevirke, brensel og anna.

Tømmerlunnar på ein lunningsplass.

Til skogbruksfaget høyrer også arbeidet med skogøkologi, tilrettelegging for fleirsidig skogbruk, og skogplanting, skogkultur og anna arbeid for å auke framtidig avkastning.

I 2005 vart det hogd for sal til industrien 8,3 millionar m³ tømmer i Noreg og 0,8 millionar m³ til ved. 54 prosent av virket gjekk til sagbruk og trevareindustrien, 34 prosent gjekk til tremasse og cellulose, og seks prosent vart eksportert. Dei største skogbruksfylka er Hedmark der det vart hogd 2,5 millionar m³, Oppland med 1,2 millionar m³ og Buskerud med 0,9 millionar m³ tømmer. Bruttoverdien av skogbruket i Noreg var i 2005 på 2,6 milliardar for det som vart selt til industrien.

Skogen i Noreg har eit ståande volum på 735 millionar m³, 625 millionar m³ blir rekna som produktivt. Gran og furu utgjer 570 millionar av dette. Den årlege tilveksten er på 25 millionar m³.

Sjå òg endre

Kjelder endre