Skogfiol
Skogfiol
Skogfiol
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vierordenen Malpighiales
Familie: Fiolfamilien Violaceae
Slekt: Fiolslekta Viola
Art: Skogfiol V. riviniana
Vitskapleg namn
Viola riviniana

Skogfiol (Viola riviniána) er ein fleirårig urt i fiolslekta. Han blir opp til 15 cm høg, og gror i skog og kratt. Skogfiol blømer om våren med store bleikfiolette blomstrar, dei største hos dei nordiske fiolartane. I Noreg finst han opp til Tromsøysund, elles sør til Nord-Afrika.

Skildring endre

Bladbærande stenglar går av frå jordstengelen, dei blomsterberande stenglande går av frå bladhjørna. Blada er tynne og hjarteforma. Han kan få blomstrar som ikkje opnar seg, men sjølvpollinerar. Det er mekanisk spreiing av frøa, dei blir skote ut frå belgen. Han visnar heilt ned om hausten.

Det kan vera vanskeleg å skilje på skogfiol og engfiol. Det finst òg hybridar av dei.

Galleri endre

Kjelder endre

  • Johannes Lid: Norsk og svensk flora. Oslo, 1974.
  • C. A. M. Lindman: Nordens flora. Oslo 1977.