Skoltesamisk fonologi
Skoltesamisk fonologi, eller skoltesamisk lydlære, er grammatikken til språklydane i skoltesamisk.
Vokalar endre
Skoltesamisk har eit rikt vokalsystem, med 10 vokalar fordelt over 4 ulike opningsgradar. Alle vokalane kan i tillegg vere korte eller lange.
fremre | midtre | bakre | |
---|---|---|---|
trong | i (i) | u (u) | |
halvtrong | e (e) | ɘ (õ) | o (o) |
halvopen | ɛ (e) | ɐ (â) | ɔ (å) |
open | a (ä) | ɑ (a) |
Vokalane kan danne 12 ulike diftongar. Alle diftongane er fallande. Dei har enten i, u eller e som initial vokal. Åtte av diftongane dannar to parallelle system, der dei høge vokalane i og u har dei fremre og midtre halvtronge og halvopne vokalane e, ɛ, ɘ, ɐ som andre komponent.
fremre | fremre og midtre | bakre og fremre | bakre og midtre | bakre | |
---|---|---|---|---|---|
trong og halvtrong | ie (ie) | iɘ (iõ) | ue (ue) | uɘ (uõ) | |
trong og halvopen | iɛ (ie) | iɐ (iâ) | uɛ (ue) | uɐ (uâ) | uɔ (uå) |
trong og open | ua (uä) | ||||
halvtrong og halvopen | eɐ (eâ) | ||||
halvtrong og open | ea (ea) |
Vokalane kan også vere korte eller lange, sjølv om det ikkje kjem fram av skriftspråket.
Konsonantar endre
Konsonantane i skoltesamisk går fram av denne tabellen. Skriftspråket sin versjon av lydane står i parantes.
labial | dental / alveolar | postalveolar | palatal | velar | |
---|---|---|---|---|---|
nasal | m (m) | n (n) | nʲ (nj) | ŋ (ŋ) | |
ustemd klusil ¹ | p (p) | t (t) | k (k) | ||
stemd klusil ² | b (b) | d (d) | g (g) | ||
ustemd affrikat ¹ | t͡s (c) | t͡ʃ (č) | c͡ç (ǩ) | ||
stemd affrikat ² | d͡z (ʒ) | d͡ʒ (ǯ) | ɟ͡ʝ (ǧ) | ||
ustemd sibilant | s (s) | ʃ (š) | |||
stemd sibilant | z (z) | ʒ (ž) | |||
ustemd frikativ | f (f) | x (h)³ | |||
stemd frikativ | v (v) | ð (đ) | ʝ (j) | ɣ (ǥ) | |
vibrant | r (r) | ||||
lateral | l (l) | lʲ (lj) | |||
halvvokalar | w (u) | j (i) |
- ¹Ustemde klusilar og affrikatar blir uttala aspirert etter vokalar og sonorante konsonantar.
- ²Stemde klusilar og affrikatar blir uttalt svakt stemd.
- ³Lyden / x / har også allofonen [ h ] initialt.
Konsonantane kan vere både korte og lange (geminatar) ordmedialt og -finalt, begge er vanlege. Konsonantlengd er det mogleg å skilje også i konsonantrekkjer, ikkje berre mellom vokalar: kuõskkâd ’røre’ : kuõskâm ’eg rører’.
Suprasegmental fonologi endre
Ein suprasegmental fonologisk prosess er ein prosess som involverer meir enn eitt segment, dvs. meir enn ein lyd.
Skoltesamisk stavingsstruktur endre
Den sentrale suprasegmentale prosessen i skoltesamisk er palatalisering. Stavingar kan vere palataliserte eller upalataliserte. Viss dei er palatalisert er dei markert med palataliseringsteiknet ´ mellom kjerne (vokal) og koda (utlyd) i stavinga.
Litteratur endre
- Feist, Tim: A grammar of Skolt Saami. Manchester, 2010.