Skrekkveldet er ei nemning som har vorte bruka om perioden 5. september 1793 - 28. juli 1794 i Frankrike. På fransk: La Terreur, Terroren.

Maximilien Robespierre, Frankrike sin leiar under skrekkveldet

Artikkelen er ein del av serien
Fransk historie

Dette var ein fase under den franske revolusjonen då mange rivaliserande revolusjonære fraksjonar kjempa seg imellom, samtidig som landet var i krig, og rojalistiske opprør truga (mellom anna i provinsen Vendée), noko som leidde til sterk radikalisering og masseavrettingar med giljotin.

Skrekkveldet er særleg knytt til revolusjonsleiaren Robespierre.

Skrekkveldet tok livet av mellom 18 500 og 40 000 menneske. Overslaga over talet på drepne variérer mykje, på grunn av skilnaden på talet som kjem fram av historiske kjelder og statistiske estimat.

Kjelde: I hovudsak den engelskspråklege wikipediaen, innleiinga til artikkelen Reign of Terror.