For norna Skuld, sjå dei tre nornene

Skuld (avleiing av verbet skulle, i konjunktiv Skyldi), er eit ord med fleire tydingar. Oftast er det knytt til tilhøva mellom menneske, og med skulda meinast helst eit slag godtgjersle for skadeverk, fysisk eller på anna måte. Eit nærliggande omgrep er gjeld. Økonomiske oppgjer handlar ofte om det ein skuldar, i form av lån eller på anna vis.

Omgrepet skuld i strafferettsleg meining har ein annan valør ved at det vert kravd ein kvalifisert grad av klanderverdig framferd for at vedkomande kan straffast, i motsett høve er vedkomande skuldfri. Ved forsettleg lovbrot må vedkomande ha vore medviten om at lovbrotet er ei fylgje av det han gjer, og ved overlagde lovbrot må det ligge ei gjennomtenkt vilje og plan bak lovbrotet. Spesifikke former for aktløyse, altså markerte avvik frå det som er akseptabel framferd i det aktuelle høvet, er òg straffbart etter mange lovreglar.

I religiøs språkbruk er skuld oftast knytt til omgrepet synd. Men medan synd er nytta om sambandet med gud, er skuld oftast nytta om samband med andre menneske. Soleis i fadervår:

Tilgjev oss vår skuld, slik vi og tilgjev våre skuldmenn.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Skuld