Skyfysikk er studiet av dei fysiske prosessane bak danninga og veksten av skyer i tillegg til danninga av nedbør.

Skyer er bygd opp av mikroskopiske vassdropar (i såkalla varme skyer) eller ørsmå iskrystallar (kalde skyer) eller ei blanding av begge. Desse kondenserer frå vassdamp i lufta. Dette kan berre skje om forholda ligg til rette for det. Når ei sky er danna, kan den løyse seg opp eller tømme ut vatnet som nedbør (regn, snø, hagl osv). Det er derimot fleire faktorar som avgjer kva som faktisk skjer. Skyfysikk prøver å forklare dei fysiske prosessane som ligg bak dette.

Skyer vert klassifisiert etter høgda dei oppstår i, og utsjånad og eigenskapar. Dei fleste skyene er anten stratiforme (lagdelte) eller cumuliforme (vertikalt utvikla). Så ein har stratus- og cumulusskyer som oppstår i låge høgder (opp til 2 km). Skyer som oppstår i dei høgaste områda av troposfæren har forstavinga cirro i namnet, og her finn ein cirrostratus og cirrocumulus. Skyer i midlare høgder har forstavinga alto i namnet. I tillegg har ein cumulonimbus som strekkjer seg gjennom heile troposfæren, frå eit par hundre meter over bakken og heilt opp til tropopausen. Cumulonimbusskyer vert òg kalla toreskyer, og er skyene som skapar torevêr.