Slåtterøy fyrstasjon

Slåtterøy fyrstasjon ligg på Slåtterøy, ei av dei ytterste Fitjarøyane i Selbjørnsfjorden og høyrer i dag til Bømlo kommune. Fyret vart oppretta i 1859 og er 25 meter høgt. Fyret er det mest lyssterke i landet etter at det kom elektrisk kraft fram i 1958[1], og frå ei høgd på 45,8 meter over havet lyser lykta 18,5 nautiske mil ut i havet. Frå landingen og opp til fyret går ein 300-400 meter lang veg i hogd stein.[2]

Slåtterøy fyrstasjon

Slåtterøy fyr sett frå Såto på Gisøya
FylkeVestland
KommuneBømlo
FunksjonKystfyr
Oppretta1859
Koordinatar59°54′29″N 5°4′2″E / 59.90806°N 5.06722°E / 59.90806; 5.06722
Fyrtårn
Høgd25
FormRaudt med kvitt belte
ByggjematerialeStøypejern
Fyrlys
LyskarakterKvitt rundtlysande, med 2 lynblenk kvart 30. sekund.
Lysstyrke5 180 000 cd
Lyshøgd45,8 moh.
Lysvidde18,5 nm
Status
EigarStaten
Automatisert1980-talet
Avfolka2003
VernestatusFreda etter lov om kulturminner
Kart
Slåtterøy fyrstasjon
59°54′29″N 5°04′02″E / 59.90805556°N 5.06722222°E / 59.90805556; 5.06722222

Fyret var heimstad til tre familiar fram til 1958, då desse vart flytta i land, medan vaktarane hadde hyblar på fyret.

Fyret vart automatisert på 1980-talet og avfolka i 2003. I 1999 vart fyret freda av Riksantikvaren med heimel i kulturminnelova.

Klima endre

Sidan juli 1923 har det vore vêrstasjon i drift på Slåtterøy. Denne vart automatisert i 1997. Slåtterøy er ein av stasjonane i Noreg med høgaste årsmiddeltemperatur.

Normalar for Slåtterøy fyr[3] Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperaturnormal (°C) 2,5 2,1 3,1 5,0 8,7 11,5 13,1 13,8 11,9 9,5 5,9 3,8 7,6
Nedbør (mm) 110 83 93 68 68 79 82 116 165 164 163 137 1328

Fotnotar endre

  1. Birger Bjørkhaug og Sven Poulsson. Norges fyr, bind 1. Fra svenskegrensen til Stadt. Oslo, 1986.
  2. Lys i mørke: En ny hverdag - Dokumentarserie på NRK
  3. eklima på met.no

Bakgrunnsstoff endre