Slaget ved Agincourt

Slaget ved Agincourt var eit større slag i løpet av Hundreårskrigen. Det vart utkjempa mellom engelske og franske styrkar nær Agincourt ved elva Somme i det nordlege Frankrike den 25. oktober 1415, på festdagen for dei heilage brørne Crispin og Crispinian. Den engelske hæren var under leiing av Henrik V, òg i nærkampane. Den franske kongen Karl VI var svekka av sjukdom og mentale problem, så dei franske styrkane vart av den grunn leidde av den såkalla Connétable av Frankrike, Charles d'Albret og ei rad framståande adelsmenn frå Armagnac-partiet. Slaget er vidgjete for bruken av den engelske langbogen, som saman med utnyttinga av terrenget og den våte marka meir enn vog opp for skilnaden i talet på soldatar.

Slaget er særleg kjent frå William Shakespeare sitt skodespel Kong Henrik V, der kong Henrik viser til Crispin og Crispinian i sin vidgjetne tale til soldatane før slaget (akt IV, scene 3).

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Slaget ved Agincourt
  • Barker, Juliet: Agincourt: The King, the Campaign, the Battle (amerikansk utgave: Agincourt : Henry V and the Battle That Made England), London: Little, Brown. 2005, ISBN 9780316726481.
  • Mortimer, Ian: 1415: Henry V's Year of Glory, London, 2009 Bodley Head. ISBN 9780224079921.