Slaget ved Beachy Head i 1690

Slaget ved Beachy Head (i Frankrike kalla Slaget ved Bévéziers) var eit sjøslag utkjempa 10. juli 1690 under niårskrigen. Slaget var den største franske taktiske sigeren mot engelskmennene og nederlendarane til sjøs under krigen.[5] Engelskmennene og nederlendarane tapte omkring 11 skip totalt (kjeldene varierer), medan franskmennene ikkje tapte nokon. Med sigeren fekk franskmennene for ei stund kontroll over Den engelske kanalen, men admiral Tourville klarte ikkje å forfølgje den allierte flåten som kom seg unna opp elva Themsen.

Slaget ved Beachy Head
Del av niårskrigen

Slaget ved Beachy Head
Stålgravering av Jean Antoine Théodore de Gudin.
Dato 10. juli 1690
Stad utanfor Beachy Head i Den engelske kanalen
50°44′15″N 0°14′52″E / 50.73743°N 0.24768°E / 50.73743; 0.24768
Resultat Avgjerande fransk siger[1]
Partar
 Frankrike  England
 Dei sameinte Nederlanda
Kommandantar
Flagget til Frankrike Comte de Tourville
Flagget til Frankrike Château-Renault
Flagget til Frankrike Victor-Marie d'Estrées
Flagget til England Jarlen av Torrington
Flagget til Den nederlandske republikken Cornelis Evertsen
Flagget til England Ralph Delaval
Styrkar
75 skip[2] 56 skip[3]
Tap
Ingen skip tapt 7-11 skip[4]
Niårskrigen

Tourville fekk mykje kritikk for at han ikkje følgde opp suksessen og mista kommandoen. Den engelske admiral Torrington – som hadde råda mot å møte den større franske flåten, vart overkøyrd av dronning Maria og ministrane hennar - og vart stilt for krigsrett for handlingane sine under slaget. Sjølv om han vart frifunnen fjerna kong Vilhelm han frå tenesta.

Bakgrunn endre

Kong Jakob II dreiv felttog i Irland som det første steget i planane om å ta attende trona som han hadde tapt etter 'den ærerike revolusjonen'. I august 1689 hadde Marskalk Schomberg vorte send frå England for å støtte styrkane som var lojale til kong Vilhelm, men armeen hans leid gjennom vinteren 1689-1690 av sjukdom og desertering. Så tidleg som i januar 1690 vart det klart for Vilhelm at han personleg måtte segle til Irland med store forsterkingar for å redde situasjonen.[6]

Den allierte hovudflåten under admiral Torrington var stasjonert i Den engelske kanalen; ein stor del av flåten var i Middelhavet under viseadmiral Henry Killigrew, som Jarlen av Nottingham, ein av ministrane til Vilhelm og utvald marinerådgjevar, håpte skulle nøytralisere den franske skvadronen i Toulon. Sir Cloudesley Shovell vart verande att i Irskesjøen, men skvadronen var for liten til å stoppe franskmennene frå å kontrollere desse farvatna om dei hadde valt dette. Franskmennene valde derimot å ikkje nytte flåten sin til å støtte det irske felttoget og i staden sende kong Ludvig XIV marinen sin mot Torrington i Kanalen.[7] Sjølv om 6 000 franske soldatar kommandert av Comte de Lauzun vart frakta over til Irland for å støtte Jakob den 17. mars, vendte den franske flåten under Comte de Tourville attende til Brest den 1. mai og vart verande inaktiv der gjennom mai og juni medan storflåten vart samla.

Denne pausen til franskmennene gav Vilhelm høvet han trengde. Den 21. juni sette Vilhelm styrkane sine ved Chester ombord på 280 transportskip, eskortert av berre seks krigsskip kommandert av Shovell.[7] Den 24. juni gjekk Vilhelm i land ved Carrickfergus med 15 000 mann for det irske felttoget sitt, noko som sjokkerte statthaldaren til Jakob i Irland, Jarlen av Tyrconnel.[8]

Opptakt endre

 
Slaget ved Beachy Head, 10. juli 1690. Tourville hadde vunne ein klar siger, men klarte ikkje å følgje opp suksessen.

Etter å ha kom seg unna Killigrew utanfor Cadiz, slo Toulon-skvadronen til Château-Renault seg saman med flåten til Tourville den 21. juni.[9] Tourville, som no kommanderte den samla Brest- og middelhavsflåten med totalt 75 linjeskip og 23 brannskip, segla den 23. juni til Kanalen. Den 30. juni var franskmennene utanfor Lizard. Torrington segla frå Nore overtydd om at franskmennene hadde forsterka flåten[10] – mykje av Royal Navy var andre stader for å verne handelsskipa frå kaperar, og den allierte flåten hadde no berre 56 engelske og nederlandske linjeskip, totalt 4153 kanonar, mot Tourville-flåten sine 4600 kanonar.[11]

Flåten til Torrington nådde Isle of Wight og vart møtt av ein nederlandsk skvadron kommandert av Cornelis Evertsen. Den 5. juli fekk Torrington auge på den franske flåten, og rekna ut at styrken deira var nesten 80 linjeskip. Det var ikkje mogeleg for han å gå vestover å slå seg saman med Shovell og Killigrew, så han annonserte at han ønskte å kome seg unna den franske flåten og dra til Doversundet.[12]

Med Vilhelm borte tok dronning Maria og rådgjevarane hans ei hasteavgjersle om å forsvare landet. Carmarthen meinte det var best å gå ut i kamp, og det same gjorde Nottingham og admiral Russell, som ikkje var overtydd om at franskmennene var så sterke som Torrington hadde rapportert, og meinte at admiralen var pessimistisk.[10] Då dei to flåtane flytta seg sakte opp kanalen, skreiv Russell utkastet til ordren om kamp.[13] Med signaturen til Nottingham i tillegg nådde ordrane admiralen den 9. juli medan han var utanfor Beachy Head. Torrington forstod at om han ikkje gjekk i slag ville han vere skuldig i ordrenekt.[14] Torrington kalla saman eit krigsråd med flaggoffiserane sine og konkluderte med at dei ikkje hadde noko anna val enn å følgje ordrane.[10]

Slaget endre

Dagen etter, den 10. juli, utanfor Beachy Head nær Eastbourne nærma Torrington seg den franske slaglinja. Han plasserte den nederlandske kvite skvadronen med 21 skip - kommandert av Cornelis Evertsen – fremst. Torrington sjølv var i midten med den raude skvadronen, kommandert av viseadmiral Ralph Delaval, bestod av både engelske og nederlandske skip.

Den franske admiralen delte styrken sin i dei vanlege tre skvadronane. Tourville, ombord på «Soleil Royal», kommanderte senteret, den kvite skvadronen[11] Den blå skvadronen i den franske spissen var kommandert av Château-Renault; Victor-Marie d'Estrées kommanderte den bakre kvite og blå skvadronen. I kvar flåte var skvadronkommandanten i midten av sine respektive skvadronar, og flaggoffiserane var i midten av sine respektive divisjonar.

 
Den franske flåten på vet nordvestover mot den engelske kysten.

Om lag 0800 segla dei allierte med vinden på linje. Linja var strekt ut for å dekkje heile den franske flåten og hindre at dei vart overrumpla på kantane. Den allierte flåten sleit med å kome seg nær nok, og etter å ha teke imot fleire harde treff frå franskmennene avslutta Torrington, som var i undertal, slaget seint på ettermiddagen for å ta fordel av tidvatnet og den minkande vinden. Medan skipa hans sleppte anker, vart franskmennene, som ikkje var årvakne nok, ført bort av tidvasstraumane og hamna utanfor kanonrekkjevidde.[12]

Det åtte timar lange slaget vart ein komplett siger for franskmennene, men langt frå avgjerande. Då tidvatnet snudde kl. 2100, heva dei allierte anker att. Tourville følgde etter, men i staden for å gjere ei generell jakt, heldt han strengt slaglinja, reduserte farten til flåten slik at dei langsamaste skipa kunne henge med.[7] Likevel sette Torrington sju hardt skadde nederlandske og eitt engelsk skip i brann for å hindre at dei vart kapra før dei kunne søke tilflukt i Themsen. Så snart han var inne i elva gav han ordre om å fjerne alle navigasjonsbøyer, slik at det ville verte for farleg å følgje etter han.[14]

Etterverknad endre

Nederlaget ved Beachy Head skapte panikk i England. Tourville hadde no kommando over Den engelske kanalen og det verka som at franskmennene samstundes kunne hindre Vilhelm frå å kome attende frå Irland over Irskesjøen og setje i land ein invasjonsstyrke i England.[15] I tillegg kom meldingane om den franske sigeren i slaget ved Fleurus den 1. juli. For å stoppe den trugande invasjonen, vart 6 000 regulære soldatar, i lag med ein hastig organisert milits, førebudd av Jarlen av Marlborough for å forsvare landet.

I denne atmosfæren av paranoia, vart det ingen som såg at tapet kom av at dei var i undertal.[16] Nottingham skulda Torrington for landssvik. Nottingham var ivrig etter å legge skulda på nokon, men ingen kritiserte tolkinga hans.[16]

Det var derimot nokre gode meldingar for dei allierte. Dagen etter Beachy Head, den 11. juli 1690, klarte Vilhelm å så Ludvig sin allierte, kong Jakob, i slaget ved Boyne i Irland. Jakob flykta til Frankrike, men forsøka på å få Ludvig til å invadere England vart ikkje teke til etterretning.[17] markien av Seignelay, som hadde etterfølgd faren Colbert som marineminister, hadde ikkje planlagt ein invasjon og hadde ikkje tenkt lenger enn Beachy Head.[18] Tourville ankra opp utanfor Le Havre for å reparere skipa og setje i land sjuke. Franskmennene mislukkast i å utnytte suksessen sin. Ludvig og Seignelay var rasande og summen av sigeren til Tourville var den symbolske og fåfengte brenninga av den engelske kystbyen Teignmouth i juli, og han vart fjerna frå kommandoen.[19]

Dei engelske skvadronane vart no samla til hovudflåten. Mot slutten av august hadde dei allierte 90 fartøy som patruljerte Kanalen, og franskmennene hadde mista kontrollen over sundet.[12] Torrington vart derimot send til Tower of London i påvente av krigsretten i Chatham. Han vart tiltalt for å ha trekt seg attende og halde seg i bakgrunnen, og ikkje gjort alt han kunne for å øydeleggje fienden og assistere sine eigne og dei nederlandske skipa. Torrington la skulda på dårlege førebuingar og dårleg etteretning, sidan han ikkje hadde fått melding om at Brest-flåten var slått saman med Toulon-flåten. Han meinte òg at dei nederlandske skipa hadde gått for tidleg i kamp, før dei nådde spissen til den franske linja.[20] Retten frifant Torrington, noko som gjorde Vilhelm og ministrane hans rasande, medan dei engelske sjømennene var letta. Torrington tok tilbake setet sitt i House of Lords, men Vilhelm nekta å sjå han og avsette han frå tenesta den 12. desember.[21] Torrington vart mellombels erstatta av sir Henry Killigrew, John Ashby og sir Richard Haddock, før desse vart erstatta av admiral Russell som kommandant aleine for den engelske flåten.[22]

Følgjer endre

Det knusande nederlaget til England for Frankrike, den dominerande marinemakta, kulminerte i slaget ved Beachy Head i 1990, og vart med på framskynde prosessen der Storbritannia vart gjenoppbygd som ei global makt. England hadde ikkje nok anna val enn å byggje ein mektig marine, men sidan det ikkje var midlar tilgjengeleg, vart det sett opp ein privat institusjon i 1694, Bank av England, for å supplere midlar til kongen. Dei fekk inn 1,2 millionar pund på tolv dag og halvparten av dette vart nytta til å bygge opp att marinen.

Som ein sideeffekt førte den store industrien ein trengde til dette til at økonomien vart omforma, frå jernverka som lagde naglane til jordbruket som brødfødde den mangedobla styrken i Royal Navy. Dette hjelpte det nye Storbritannia - England og Skottland vart slått saman i 1707 - til å verte velståande og mektig. I lag med makta til marinen gjorde dette Storbritannia til den dominerande verdsmakta seint på 1700-talet og tidleg på 1800-talet, medan Frankrike vart vrande ei dominerande verdsmakt under napoleonstida, særleg på kontinentet.[23]

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Battle of Beachy Head (1690)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. januar 2012.
  • Aubrey, Philip (1979). The Defeat of James Stuart's Armada 1692. Leicester University Press. ISBN 0-7185-1168-9
  • Chandler, David G (2003). Marlborough as Military Commander. Spellmount Ltd. ISBN 1-86227-195-X
  • Churchill, Winston (2002). A History of the English-Speaking Peoples: Age of Revolution. Weidenfeld & Nicolson. ISBN 0-304-36393-6
  • Dupuy, R. E & Dupuy, T. N (1995). The Collins Encyclopaedia of Military History 4th ed. HarperCollins Publishers. ISBN 0062700561
  • Guizot, Francois s. G. A Popular History of France From The Earliest Times, Volume V. [1]
  • Lynn, John A (2002). The French wars 1667–1714: The Sun King at War. Osprey Publishing. ISBN 1-84176-361-6
  • Lynn, John A (1999). The Wars of Louis XIV, 1667–1714. Longman. ISBN 0-582-05629-2
  • Macauley, Thomas. The History Av England: Volume 3. [2]
  • Mahan, Alfred Thayer. The Influence of Sea Power on History, 1660–1783. [3] Arkivert 2007-01-13 ved Wayback Machine.
  • Roger N.A.M (2006). The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, Penguin Group. ISBN 0-141-02690-1
  • Warnsinck, JCM. De vloot van den Konig-Stadhouder 1689-1690 (1934).
  1. Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 83.
  2. Roger, The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, s. 145: Dupuy skriv at den franske styrken var 75, Lynn skriv 77 (med 23 brannskip). Aubrey skriv 76 (med 18 brannskip).
  3. Roger, The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, s. 145: Lynn skriv ein styrke på 57. Dupuy 59; Aubrey 55.
  4. Roger, The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, s. 146: 1 kapra og 2 søkkte under slaget, i tillegg til 8 i brann av dei allierte seinare for å unngå at dei vart kapra. Aubrey skriv 15 totalt; Dupuy skriv 12 skip tapt. Warnsinck skriv 7 nederlandske skip tapt, medan Lynn skriv 6 skip.
  5. Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 83
  6. Aubrey: The Defeat of James Stuart's Armada 1692, s. 41
  7. 7,0 7,1 7,2 Mahan: The Influence of Sea Power on History, 1660–1783
  8. Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 215.
  9. Aubrey: The Defeat of James Stuart's Armada 1692. s. 48
  10. 10,0 10,1 10,2 Roger: The Command of the Ocean, s. 145.
  11. 11,0 11,1 Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 214
  12. 12,0 12,1 12,2 Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 215
  13. Aubrey: The Defeat of James Stuart's Armada 1692, s. 49
  14. 14,0 14,1 Macaulay: The History av England, Volume III, Chpt.XV
  15. Churchill: A History of the English-Speaking Peoples: Age of Revolution, s. 9
  16. 16,0 16,1 Roger N.A.M (2006). The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, Penguin Group. ISBN 0-141-02690-1, p.146
  17. Chandler: Marlborough as Military Kommandant s. 35
  18. Roger: The Command of the Ocean, s. 147
  19. Aubrey: The Defeat of James Stuart's Armada 1692, s. 55
  20. Aubrey: The Defeat of James Stuart's Armada 1692, s. 52
  21. Macaulay: The History av England, Volume III, Chpt.XVI
  22. Aubrey: The Defeat of James Stuart's Armada 1692, s. 58
  23. BBC: Empire of the Seas programme[daud lenkje]