Slaget ved Bloody Creek i 1711

Denne artikkelen handlar om slaget i 1711. For slaget i 1757, sjå slaget ved Bloody Creek i 1757.

Slaget ved Bloody Creek vart utkjempa den 21. juni 1711 under Dronning Anne-krigen. Ein Abenaki-milits klarte å overfalle britiske soldatar og soldatar frå Ny-England ved ein stad som vart kjend som Bloody Creek etter slaga som vart utkjempa der. Elva renn ut i Annapolis River ved dagens Carleton Corner i Nova Scotia, og var òg åstad for eit slag i 1757.

Slaget ved Bloody Creek
Del av Dronning Anne-krigen

Varde reist i 1932 av Historic Sites and Monuments Board
Dato 21. juni 1711
Stad dagens Carleton Corner i Nova Scotia
Resultat Indiansk siger
Partar
Ny-England milits
Britiske regulære troppar
Abenaki-indianarar
Kommandantar
David Pigeon L'Aymalle
Styrkar
70 militssoldatar[1] 50–150[2]
Tap
16 drepne, 9 skadde, resten fanga[3] ukjend
Dronning Anne-krigen
Flint River – Newfoundland – St. Augustine – Apalachee-massakren – Deerfield – Grand Pré – 1. St. John's – Charles Town – 1. Port Royal – Pensacola – Haverhill – 2. St. John's – Fort Albany – 2. Port Royal – Bloody Creek – Quebec

Slaget var ein del av eit forsøk frå leiarane i Ny-Frankrike på å svekke det britiske grepet om Annapolis Royal. Britane hadde erobra fortet året før og dei hadde berre så vidt kontroll over området. Slaget, der heile den britiske styrken vart fanga eller drepen, gav mot til franskmennene og deira indianske allierte som blokkerte Annapolis Royal. Utan tunge våpen, klarte derimot ikkje styrken å angripe fortet med stor effekt, og gav opp omleiringa då britiske forsterkinga kom via sjøvegen.

Kjelder endre

  1. Faragher, s. 134
  2. Griffiths, s. 246
  3. Faragher, s. 135

44°49′21″N 65°18′34″W / 44.8224°N 65.3095°W / 44.8224; -65.3095