Slaget ved Flint River

Slaget ved Flint River var eit mislukka åtak av spanjolar og Apalachee-indianarar mot Creek-indinarar i oktober 1702 i det som i dag er staten Georgia. Slaget var ein del av i grensestriden mellom engelske handelsmenn frå provinsen Carolina og Spansk Florida, og var ein del av opptakten til Dronning Anne-krigen.

Slaget ved Flint River
Del av Dronning Anne-krigen

Denne detaljen frå eit kart frå tidleg på 1700-talet viser den tilnærma plasseringa til slaget ved Flint River.
Dato ukjend, mellom 7. og 18. oktober 1702
Stad dagens Georgia
Resultat Engelsk-indiansk siger
Partar
Flagget til SpaniaSpansk Florida
Apalachee
Flagget til England provinsen Carolina
Creek
Apalachicola
Kommandantar
Francisco Romo de Uriza Anthony Dodsworth
Styrkar
800, hovudsakleg indinarar 400, hovudsakleg indianarar
Tap
fleste drepen eller fanga ukjend
Dronning Anne-krigen
Flint River – Newfoundland – St. Augustine – Apalachee-massakren – Deerfield – Grand Pré – 1. St. John's – Charles Town – 1. Port Royal – Pensacola – Haverhill – 2. St. John's – Fort Albany – 2. Port Royal – Bloody Creek – Quebec

Creek-indianarane fekk støtte av nokre få engelskmenn leia av handelsmannen Anthony Dodsworth, og overfalt den invaderande fienden i bakhald ved breidda av Flint River. Meir enn halvparten av den spansk-indianske styrken vart drepen eller fanga. Både engelske og spanske styresmakter reagerte på slaget ved å framskunde førebuingane som kulminerte med Omleiringa av St. Augustine i november 1702.

Kjelder endre