Slaget ved Freiberg

Slaget ved Freiberg vart utkjempa 29. oktober 1762 og var det siste store slaget i sjuårskrigen.

Slaget ved Freiberg
Del av sjuårskrigen

Dato 29. oktober 1762
Stad Freiberg i Sachsen
Resultat Avgjerande prøyssisk siger
Partar
Flagget til Preussen Preussen Flagget til Habsburgmonarkiet Austerrike
Kommandantar
Prins Henrik av Preussen Fyrst Stolberg
Styrkar
22 000 - 22 657 27 000 - 31 000
Tap
1400 7400 (4000 døde)
Sjuårskrigen: Europa
MenorcaLobositzReichenbergPrahaKolínHastenbeckGross-JägersdorfMoysRochefortRossbachBreslauLeuthenRheinbergKrefeldDomstadtlCherbourgZorndorfSaint CastTornowLutterbergHochkirchBergenKayMindenKunersdorfHoyerswerdaFrisches HaffMaxenMeissenLandeshutKorbachEmsdorfWarburgLiegnitzKloster KampenTorgauVillinghausenKolbergWilhelmstahlBurkersdorfLutterbergAlmeidaKasselFreiberg

Bakgrunn endre

Prins Henrik av Preussen, den yngre broren til kong Fredrik II av Preussen, kommanderte ein arme som hovudsakleg bestod av «annanrangs» soldatar og frie bataljonar, men valde likevel å ta offensiven mot austerrikarane kommandert av fyrst Stolberg, som hadde støtte frå det austerrikske korpset til András Hadik. Dei allierte hadde grave seg ned bak feltarbeid på ei høgd vest for byen Freiberg. Denne stillinga blokkerte all tilkomst til Dresden. Bak den allierte stillinga låg elva Mulde, som vart kryssa av bruer aust for byen. Den 28. oktober rekognoserte prins Henrik og staben hans den allierte stillinga. Dei møtte på eit lette austerrikske troppar i skogen føre høgda. Henrik fekk likevel nok informasjon til å danne seg eit godt bilete av fordelinga til fienden.

Det var klart får Henrik at hovudstyrken til austerrikarane, korpset til Campitelli, var trygt forskansa på høgdene sørvest for byen, medan keisararmeen låg på høgdene som blokkerte den vestlege tilkomsten til Freiberg. Sjølv om fronten på stillinga deira var forsterka med fleire reduttar og piggtrådsperringar, men det verka ikkje som det var styrkar som verna høgreflanken til den allierte armeen. Dette var eit altfor fristande må for prinsen, som planla å låse austerrikarane fast i sørvest med ein liten avdeling, medan hovudarmeen hans tok keisararmeen frå flanken. Henrik gambla på at det austerrikske korpset under Meyer ikkje ønskte å forlate skansen sin på høgda si.

Slaget endre

Ved daggry den 29. oktober sette prins Henrik opp armeen sin i området vest for Lang Hennersdorf, og sendte Forcade med reservane i nord. Kleist i sør for å halde fast Meyer, og Seydlitz og Stutterheim gjekk til åtak på høgda der keisararmeen stod. Då dei rykte fram vart det småtrefningar mellom prøyssarane og kroatar i skogen, men kroatane trekte seg raskt tilbake. Den unge Stutterheim møtte sterk motstand frå korpset til Campitelli og ei stund stoppa åtaket opp. Fleire prøyssiske kavaleriåtak klarte heller ikkje presse austerrikarane og eit regiment måtte takast frå venstreflanken for å stabilisere denne fronten. Medan hovudarmeen til prøyssarane gjekk til åtak på denne stillinga, var lendet vanskeleg for Seydlitz og kavaleriet hans, og han tok kommando over infanteriet på flanken sin og gjekk til åtak på flanken til Campitelli. Då presset auka byrja Stolberg å flytte linja si sørover for å støtte forsvaret på ein liten haug kalla Trois Croix. Henrik la òg merke til denne haugen og sende grenaderane sine dit. Det austerrikske kavaleriet gjekk til åtak på prøyssarane, og sjølv om dei gjekk på store tap, kjøpte dei nok tid for dei austerrikske grenaderane til at dei klarte å innta haugen.

Gamle Stutterheim var ikkje passiv og merka seg at austerrikarane flytta seg sørover. Han skjønte at forsvaret føre fronten hans hadde vorte svekka av denne rørsla. Han gav ordre til troppane om å gå til åtak og det austerrikske infanteriet starta å falle saman. Dei prøyssiske hussarane og KR4 angreip gjennom det fiendtlege infanteriet som fall saman og vart hogge ned av prøyssarane. Med flanken vidopen gav Stolberg ordre om retrett. Som venta forlet ikkje korpset til Mayer stillinga si for å hjelpe resten av armeen sin, men protesterte seinare og sa at han berre hadde halde seg til ordren om å halde stillinga si til den siste blodråpen var falle. Prøyssarane mista 1400 mann, dei allierte 7000 mann og 28 kanonar.

Resultat endre

Dei allierte trekte seg heilt attende til Pirna. Prøyssarane følgde forsiktig etter og etter kvart meir dristig. Kleist var borte frå resten av armeen den første veka i november for å plyndre dei austerrikske magasina i Sachsen, noko han gjorde og totalt øydela dei. Han tok så dei sårbeinte soldatane sine inn i Franken etter ordre frå Henrik, for å bringe austerrikarane i uorden. Naumberg, Würzburg og Regensburg vart tekne og det vart teken «krigsskatt» hos dei herskande fyrstane. Stolberg bad Hadik innstendig om å få reise heim å forsvare heimlandet sitt, men ukjend for han hadde Hadik i løyndom snakka med Kong Fredrik og kome fram til ein avtale som gjorde at keisararmeen vart oppløyst.

Kjelder endre