Slaget ved Hochkirch

Slaget ved Hochkirch var eit slag utkjempa 14. oktober 1758 under sjuårskrigen mellom ein prøyssisk arme på 30 000-36 000 mann kommandert av Fredrik den store og ein austerriksk arme på 80 000 mann kommandert av marskalk Leopold Josef Graf Daun. Slaget fann stad rundt Hochkirch, som ligg 9 km aust for Bautzen i Sachsen.

Slaget ved Hochkirch
Del av sjuårskrigen
[[Fil:|300px]]
Dato 14. oktober 1758
Stad Hochkirch i Sachsen
Resultat Austerriksk siger
Partar
Flagget til Preussen Preussen Flagget til Det tysk-romerske riket Austerrike
Kommandantar
Fredrik den store Marskalk Leopold Josef Graf Daun
Styrkar
30 000-36 000 mann 80 000 mann
Tap
>9000 mann 8300 mann
Sjuårskrigen: Europa
MenorcaLobositzReichenbergPrahaKolínHastenbeckGross-JägersdorfMoysRochefortRossbachBreslauLeuthenRheinbergKrefeldDomstadtlCherbourgZorndorfSaint CastTornowLutterbergHochkirchBergenKayMindenKunersdorfHoyerswerdaFrisches HaffMaxenMeissenLandeshutKorbachEmsdorfWarburgLiegnitzKloster KampenTorgauVillinghausenKolbergWilhelmstahlBurkersdorfLutterbergAlmeidaKasselFreiberg

Opptakt endre

Fredrik hadde ikkje planar om å vere i den vesle landsbyen i lengre periodar. Han og armeen hans skulle berre vere her fram til dei fekk forsyningar frå Bautzen og så flytte austover. Fredrik hadde ikkje tenkt strategi då han slo leir. Han ignorerte òg åtvaringar frå offiserane sine som meinte at det var sjølvmord å opphalde seg i byen. Fredrik spreidde mennene sine frå nord til sør i ein S-form, ved sidan av Hochkirch. Han vendte troppane sine austover mot den siste kjende posisjonen til armeen til Daun. Den svake vestsida av overvaka av ein utpost av ni bataljonar med batteristøtte. Føremålet deira var i hovudsak å halde kontakt med ein rekogniseringstropp. Austsida var overvaka av elleve bataljonar og 28 skvadronar. Fredrik hadde dei beste soldatar som garnison i landsbyen Hochkirch. Aust for landsbyen var høgare lende okkupert av austerrikarane. Nærværet deira hadde gjort prøyssarane uroa, men Fredrik trudde ikkje dei ville gå til åtak, sidan armeen til Daun hadde halde seg i ro dei siste månadane.

Starten på slaget endre

Fredrik tok fullstendig feil. Etter at Daun i fleire dagar personleg hadde speida på den prøyssiske leiren, og offiserane hans innstendig bad han gå til åtak, kom Daun fram til at dette var eit godt høve. Daun merka seg at prøyssarane ikkje auka vakthaldet eller sette troppane sine i stilling, trass i at austerrikarane var nær. Han visste òg at hans eigne menn var ivrige etter å gå ut i kamp, og at dei var tre gonger så mange som prøyssarane.

I ly av mørket og tåka, slo austerrikarane til mot prøyssarane då kyrkjeklokka slo klokka 05 om morgonen. Austsida vart angripe først. Prøyssarane vart tekne fullstendig på senga. Mange menn var framleis i seng eller hadde akkurat vakna då dei austerrikske soldatane stakk dei med bajonettane sine. Det austerrikske artilleriet opna òg eld, og påførte prøyssarane store tap.

Slutten endre

Først trudde Fredrik at lyden av slaget berre var småtrefningar ved ein utpost, men skjønte raskt at han tok feil då hans eigne kanonar opna eld frå leiren. Ved daggry letta tåka og soldatane kunne skilje ven frå fiende. På dette tidspunktet prøvde dei to armeane å utmanøvrere kvarandre, medan Hochkirch brann til grunne. Prøyssarane sette i verk eit stort motåtak, som påførte austerrikarane stor skade, men austerrikarane var i ferd med å lukke seg om bakenden og flanken til prøyssarane, og tvinga dei i retrett. Mykje av kamphandlingane skjedde inne i landsbyen, og salvane vart veksla mellom bygningane. Desse manøvrane gjekk fram og tilbake mellom dei to armeane. Etter kvart tvinga austerrikarane prøyssarane tilbake mot murane i Hochkirch og til slutt måtte dei trekke seg heilt bort. Det siste regimentet i landsbyen søkte dekke på kyrkjegarden, men vart meia ned under eit siste desperat åtak. Etter dette var det ikkje lenger håp om noko siger for prøyssarane og rundt kl. 10 gjorde dei retrett mot nordvest.

Etterverknad endre

Fredrik og resten av den prøyssiske armeen var utanfor rekkevidda til den austerrikske armeen då dei omsider klarte å organisere seg sjølv. Fredrik mista totalt meir enn ein fjerdedel av armeen sin, seks generalar, ein av dei svogeren hans, 101 kanonar og nesten alle telta. Daun og armeen hans feira sigeren. Daun mottok eit velsigna sverd og ein hatt frå pave Klement XIII, ein vanleg pris for å ha slått vantrue. Sjølv om Fredrik synte godt leiarskap og mot i samle saman troppane sine, vert dette rekna som eit av dei verste nederlaga hans.

James Francis Edward Keith endre

Feltmarskalk James Keith, ein skotte frå Peterhead, kommanderte baktroppen til Fredrik og klarte å halde tilbake heile den austerrikske armeen før han vart drepen, slik at Fredrik fekk orden i troppane sine. 250 år seinare vart eit granittmonument med bronseplakett reist av innbyggjarane i Hochkirch til minne om «Generalfeldmarschall Jacob von Keith» og bragda hans. Inskripsjonen seier «Liding, elende, død».

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Battle of Hochkirch» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2009.
  • Duffy, Christopher. Frederick the Great: A Military Life. New York: Routledge, Chapman & Hall, 1985. Print.
  • Mitford, Nancy. Frederick the Great. New York: Harper & Row, 1970. Print.
  • Reiners, Ludwig. Frederick the Great: A Biography. Trans. Lawrence P.R. Wilson. New York: G.P. Putnam's Sons, 1960. Print.
  • Showalter, Dennis. The Wars of Frederick the Great. New York: Longman Group Limited, 1996. Print.

Bakgrunnsstoff endre