Slaget ved Imbros i 1717

Denne artikkelen handlar om slaget i 1717. For slaget i 1918, sjå slaget ved Imbros i 1918.

Slaget ved Imbros var eit slag som fann stad 12., 13. og 16. juni 1717 nær Imbros i Egearhavet. Slaget var hardt, men vart til slutt forholdsvis uavgjort og vart utkjempa mellom ein venetiansk flåte under Flangini, og ein osmansk flåte.

Slaget ved Imbros
Del av den osmansk-venetianske krigen 1714-1718

Dato 12. - 16. juni 1717
Stad Imbros
Resultat Omansk siger
Partar
 Det osmanske riket  Republikken Venezia
Kommandantar
Flangini
Styrkar
44 krigsskip 26 krigsskip
Tap
10-20 skadde, 4 skip øydelagd 2190 drepne og skadde, «Colomba» hardt skadd

Venetianarane hadde drege frå Korfu den 10. mai 1717 med 25 slagskip og vart møtt den 18. mai av «Gloria Veneta». Den 25. mai drog dei mot Dardanellane og ankra opp utanfor Imbros den 8. juni.

Den 10. juni kl. 0900 rapporterte speidarar at den osmanske flåten var på veg ut Dardanellane med 38 slagskip og seks galleottar. Kraftig vind gjorde skade på somme av dei venetianske skipa, så dei ankra opp att. Det var umogeleg å gå i lovart av Imbros, så Flangini danna ei linje på styrbord mot Thasos. I mellomtida ankra den osmanske flåten opp like utanfor Dardanellane.

I to dagar prøvde Flangini å nå ei god stilling, men han gav opp grunn av kraftig vind og ankra opp i le av Imbros omkring kl. 1200 den 12. juni. Vinden vart brått aust-nordaustleg, og den osmanske flåten segla. På grunn av straumen nådde dei den venetianske flåten før det var tid for dei å danne ei korrekt linje. Kl. 1530 starta kampen i bakenden med åtte osmanske skip som gjekk til åtak på «Colomba», «Trionfo» og «San Lorenzo». «Colomba» vart treft av to kraftige skot og tok inn vatn, og forlet linja etter ein time. På det tidspunktet var dei andre skipa i stilling til å gjere støtte, og kring kl. 1900 trekte dei osmanske skipa seg unna etter at brannskipet deira vart søkkt av «Trionfo». I spissen hadde venetianarane danna ei god linje. Kring kl. 1700 vart desse angripne av hovudgruppa av dei osmanske skipa og kampen vart til omkring 2100. Den kvelden segla dei hardt skadde venetianske skipa vestover. Dei tyske soldatane ombord på den nest søkkjande «Colomba» mutinerte. Venetianarane hadde så langt mista om lag 570 mann.

Den 13. juni var venetianarane nær vestenden av Lemnos, med den osmanske flåten nord for seg. Flangini danna ei linje mot styrbord. «Colomba» låg i le og vart erstatta av «Corona». Mot kvelden segla den osmanske flåten føre ein nordavind og skar nesten av «Trionfo» og «San Lorenzo», som hadde falle bak. Flangini snudde for å støtte dei, og ei vindendring frå vest gav han vinden i ryggen, og den osmanske flåten trekte seg attende etter at berre to av dei hadde avfyrt eld.

Den 14. juni låg venetianarane mellom Lemnos og Athos, med den osmanske flåten nordvest for seg. Venetianarane segla vestover og osmanarane austover.

Den 15. juni låg venetianarane i stille vêr mellom Athos og Strati. Dei segla nordover i eit forsøk på å få meir vind, men den 16. juni dukka den osmanske flåten opp på vindsida (nordaust). Flangini prøvde å danne ei nordvestleg linje, men somme skip klarte ikkje å halde linja og han danna ei søraustleg linje i staden. Om lag kl. 0900 starta kampen i front og heile linja vart involvert i kampen etter ein halvtime. Etter fem timar med kampar trekte den osmanske flåten seg attende med seks skip hardt skadd. Flangini var umedviten og venetianarane gjorde ingen forsøk på å forfølgje dei og trekte seg attende til Thermia. Venetianarane tapte om lag 840 mann under kampen, og totalt 1390 mann under heile slaget.

Den 22. juni gjekk den osmanske flåten til åtak på venetianske speidarar. Flangini danna ei slaglinje og den osmanske flåten forsvann, men dei braut gjennom linja seinare i juli. Flangini døydde seinare denne dagen av skadane han fekk.

Kjelder endre