Slaget ved Kloster Kampen

Slaget ved Kloster Kampen var eit slag under sjuårskrigen i 1760, der Frankrike tok ein taktisk siger over Storbritannia og ein alliert arme. Dei allierte styrkane vart driven bort frå slagmarka.

Slaget ved Kloster Kampen
Del av sjuårskrigen

Dato 15. oktober 1760
Stad Kloster Kampen i dagens Tyskland
Resultat Fransk siger
Partar
Flagget til Preussen Preussen
 Storbritannia
 Hannover
Braunschweig
Hessen-Kassel
 Frankrike
Kommandantar
Prinsen av Braunschweig Generalløytnant Charles Eugène Gabriel de La Croix, marquis de Castries
Styrkar
20 000 25 000
Tap
1615[1] 3123[2]
Sjuårskrigen: Europa
MenorcaLobositzReichenbergPrahaKolínHastenbeckGross-JägersdorfMoysRochefortRossbachBreslauLeuthenRheinbergKrefeldDomstadtlCherbourgZorndorfSaint CastTornowLutterbergHochkirchBergenKayMindenKunersdorfHoyerswerdaFrisches HaffMaxenMeissenLandeshutKorbachEmsdorfWarburgLiegnitzKloster KampenTorgauVillinghausenKolbergWilhelmstahlBurkersdorfLutterbergAlmeidaKasselFreiberg

Opptakt endre

 
Arveprins Karl Wilhelm Ferdinand av Braunschweig.

I løpet av hausten 1760 såg hertug Ferdinand av Braunschweig, kommandøren over den allierte armeen, at franskmennene truga Hannover. For å skape ei avleiing, sende han 20 000 mann kommandert av arveprinsen av Braunschweig, for å trekkje den franske armeen bort og mot vest. Den franske kommandanten førebudde seg på å forsvare byen Wesel på austbreidda av Rhinen og brende brua over Rhinen ved munningen til elva Lippe, medan Marquis de Castries skunda seg med ekstra forsterkingar til garnisonen.

Prinsen av Braunschweig sett opp ei formell omleiring av Wesel og bygde to pongtongbruer over elva. Han avgjorde og møte armeen til de Castries i Kloster Kampen-området vest for elva. generalmajor George Augustus Eliott kommanderte den møtande fortroppen, to skvadronar av prøyssiske hussarar, fleire dragontroppar og infanteristar. Hovudstyrken bestod mellom anna av to bataljonar av grenaderar, to bataljonar frå Hannover og to bataljonar frå Hessen.

Bak hovudarmeen låg eit kavaleri.

Slaget endre

 
Marquis de Castries

Slaget starta midt på natta då fortroppen til armeen dreiv franskmennene ut av klosteret ved Kampen og tok brua over kanalen. Lyden av kanoneld frå den franske motstanden fekk hovudstyrken til den franske armeen til å gå til åtak. Ved daggry kom dei britiske og tyske soldatane inn i åtaket, regimentet frå Highland dreiv den franske armeen bakover.

Marquis de Castries førte fram reservane sine og fekk dei tilbaketrekkande regimenta i orden att, og sett så i gang ein motoffensiv mot dei allierte fotsoldatane. Det franske åtaket braut formasjonen til dei britiske og tyske regimenta. Franskmennene dreiv dei britiske og tyske regimenta tilbake til andre sida av kanalen. Dei allierte reservane vart ført fram, men dei var langt bak og det tok lang tid, slik at franskmennene kunne presse på.

Ved vestenden av kanalen, førte Eliott tre britiske kavaleriregiment i eit åtak som forstyrra den franske framrykkinga og gjorde at dei tilbaketrekkande allierte fotsoldatane klarte å nå nordbreidda. Reservane danna ein sperring slik at dei tilbaketrekkande allierte fotsoldatane kunne organisere seg på ny.

Det var på dette stadiet at prinsen av Braunschweig gav dei allierte ordre om å trekkje attende over Rhinen. Då han nådde elva oppdaga han at pongtongbrua dei trengde for å krysse elva hadde vorte skylt bort og dei trengde to dagar sette iverk kryssinga. Heldigvis for dei allierte, følgde ikkje franskmennene etter, og dei allierte klarte derfor å kome seg over Rhinen.

Etterverknad endre

Dei allierte skuffa Storbritannia, der mange hadde venta betre nyhende etter at armeen til Fredrik hadde vorte forsterka. Det førte til spørsmål om Ferdinand var den rette for å leie den allierte armeen, sjølv om Ferdinand hadde hatt langt færre soldatar under felttoget og seinare vann sigrar ved slaget ved Warburg, slaget ved Vellinghausen og slaget ved Wilhelmsthal, og slik klarte å forsvare Hannover mot invasjon.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Battle of Kloster Kampen» frå Wikipedia på engelsk, den 17. april 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. Savory, Reginald, His Britannic Majesty's Army in Germany During the Seven Years War, Oxford University Press, 1966, s.497, 274.
  2. Savory, Reginald, His Britannic Majesty's Army in Germany During the Seven Years War, Oxford University Press, 1966, s. 274.

Bakgrunnsstoff endre