Slaget ved Kunersdorf

Slaget ved Kunersdorf under sjuårskrigen var det største nederlaget til Fredrik den store nokon gong. Den 12. august 1759, nær Kunersdorf (Kunowice), aust for Frankfurt an der Oder, vart 50 900 prøyssarar slått av ein samla arme av 41 000 russarar og 18 500 austerrikarar under Pjotr Saltykov. Berre 3000 frå den prøyssiske armeen kom seg attende til Berlin etter slaget, men mange fleire hadde berre vorte spreidd.

Slaget ved Kunersdorf
Del av sjuårskrigen

Dato 12. august 1759
Stad Kunersdorf, markgrevskapet Brandenburg
Resultat Avgjerande russisk-austerriksk siger
Partar
Flagget til Preussen Preussen Flagget til Russland Russland
Flagget til Det tysk-romerske riket Austerrike
Kommandantar
Fredrik den store Pjotr Saltykov
Styrkar
50 900 soldatar
230 kanonar
41 000 russiske soldatar, inkludert 5200 kosakkar og kalmyk-kavaleristar
18 000 austerrikske soldatar
250 kanonar
Tap
6000 drepne
13 000 skadde
5000 drepne
10 000 skadde
Sjuårskrigen: Europa
MenorcaLobositzReichenbergPrahaKolínHastenbeckGross-JägersdorfMoysRochefortRossbachBreslauLeuthenRheinbergKrefeldDomstadtlCherbourgZorndorfSaint CastTornowLutterbergHochkirchBergenKayMindenKunersdorfHoyerswerdaFrisches HaffMaxenMeissenLandeshutKorbachEmsdorfWarburgLiegnitzKloster KampenTorgauVillinghausenKolbergWilhelmstahlBurkersdorfLutterbergAlmeidaKasselFreiberg

Slaget starta med eit prøyssisk åtak på flanken til den russiske posisjonen. Dette åtaket var ein suksess, og om Fredrik hadde stoppa der (som broren kravde), hadde Kunersdorf vorte ein prøyssisk siger. Men den prøyssiske leiaren ønskte å halde fram kampen. Då det prøyssiske åtaket var i ferd med å svinne hen, kom det austerrikske kavaleriet inn i slaget. Dei hadde så langt berre vore reservar. Kong Fredrik II klarte å omgruppere og halde presset mot dei allierte.

Slaget kulminerte tidleg på kvelden med eit massivt prøyssisk kavalleriåtak under Friedrich Wilhelm von Seydlitz mot det russiske senteret og artilleriet. Det prøyssiske kavaleriet leid store tap og måtte ta retrett i fullstendig uorden. Det allierte kavalieret, inkludert tungt russisk kavaleri, kroatar og kalmykkar, gjekk til motåtak og spreidde venstreflanken til den prøyssiske armeen. Fredrik II klarte så vidt å unngå å verte fanga og vart skadd av geværskot. Han stod aleine på ein liten ås med kården sin i bakken føre han og var fast bestemt på å anten halde linja mot heile den fiendtlege armeen aleine eller døy. Kavalerikapteinen Ernst Sylvius von Prittwitz kom og redda kongen med ein 200 mann sterk skvadron og overtalte Fredrik til å rømme.

Russarane og austerrikarane mista færre enn 15 000 mann (om lag 5000 drepne). Prøyssarane gjekk på eit alvorleg tap og tapte 172 kanonar, 6000 drepne menn, 13000 skadde og 26 000 mann kom bort frå kvarandre. Fire dagar etter slaget dukka dei fleste av dei 26 000 mennene opp att og Fredrik klarte å stable opp att ein arme på 32 000 mann og 50 kanonar.

Slaget ved Kunersdorf var det første slaget der regulære einingar av hesteartilleri vart nytta. Dei var i røynda ei blanding av eit kavaleri og eit artilleri, der heile mannskapet reid på hestar i slaget. Eininga hadde nyleg vorte oppretta og kjempa på prøyssisk side. Trass i at dei vart utsletta under slaget, vart batteria omorganisert same året og deltok i slaget ved Maxen.[1]

Fredrik si melding frå Kunersdorf endre

Kongen skreiv heim til Berlin kvelden etter slaget:

Denne morgonen klokka 11 gjekk eg til åtak på fienden. ... Alle troppane mine har kjempa tappert, men prisen var enorm. Våre menn vart forvirra. Eg samla dei saman tre gonger. Til slutt stod eg i fare for å verte fanga og måtte gjere retrett. Kappa mi har fleire kulehol i seg, to av hestane mine er skotne og døde. Ulukka mi er at eg framleis er i live ... Tapet vårt er særs stort: Eg har berre 3000 mann att av ein arme på 48 000 mann. Når eg no skriv dette er alle på flukt. Eg er ikkje lenger kommandør over troppane mine. Tanken på tryggleiken til alle i Berlin er ein god ide ... Det er eit forferdeleg mistak eg ikkje kjem til å overleve. Konsekvensen av slaget vil verte verre enn slaget i seg sjølv. Eg har ikkje meir resursar og - ærleg talt - trur eg alt er tapt. Eg kjem ikkje til å overleve undergangen til fedrelandet mitt. Farvel for alltid!

Kjelder endre

  1. Hedberg s. 11-13