Slaget ved Kursk var det største panserslaget i historia. Det fann stad på den tyske austfronten 5. juli-13. juli 1943 under den andre verdskrigen.

Slaget dreidde seg om eit framspring på den tyske fronten vest om byen Kursk. Om den tyske hærleiinga hadde klart å sende nok troppar, våpen og forsyningar inn i dette området, ville dei truleg ha greidd å bryte gjennom dei sovjetiske linjene. Slik kunne tyskarane ha endra tilbaketrekking til ny offensiv og kanskje snudd krigslykka.

Wehrmacht stilte opp med 900 000 mann, 1 800 fly, 10 000 kanonar og 2 700 panserkøyretøy og håpa på å få tilbake initiativet på austfronten. Overfor dei stod den sovjetiske Raude Arméen med 1 350 000 mann og 4 000 panserkøyretøy.

Russarane var klar over den trusselen bruhovudet ved Kursk var. Dei gjorde derfor mykje for å byggje opp forsvarslinjene sine, og strategiske reservar blei flytta til området. Dessutan hadde dei den fordelen at dei kjende til dei tyske planane.

Ved daggry den 5. juli starta den tyske operasjonen. Den nordlege fløya gjorde berre sakte framsteg, og nådde berre 5 kilometer fram gjennom dei russiske linjene. Den sørlege fløya nådde derimot raskt 25 kilometer inn i sovjetisk område, og Den Raude Arméen måtte sende forsterkningar til området nord for Belgorod.

I dette området utspelte deretter det viktige kampvognsslaget ved Prokhorovka seg, der dei tyske Panther- og Tiger-kampvognene møtte dei russiske T-34.

Dei mange uavgjorte panserslaga førte til at tyskarane trekte seg tilbake 22. juli.

På det taktiske nivået var slaget uavgjort, tyskarane braut ikkje den sovjetiske frammarsjen, og Den Raude Arméen kunne ikkje omringe eller nedkjempe dei tyske styrkane.

På det strategiske nivået var det likevel ein stor siger for Den Raude Armèen, då tyskarane mista så mange kampvogner og så mykje anna materiell at det truleg korta ned krigen på austfronten med fleire månader. Russarane kunne erstatte dei øydelagde kampvognene sine med stadig nye T-34, som blei produserte i store tal heile tida, medan tyskarane ikkje kunne erstatte sine.

Tapa i dette slaget var som følgjer:

Tyske tap: Om lag 500 000 døde, såra eller fanga, 500 tanks, 200 fly. Sovjetiske tap: 607 737 døde, såra eller fanga, 1 500 tanks, 1 000 fly.

Kjelde endre