Slaget ved Milazzo i 1718

Slaget ved Milazzo vart utkjempa den 15. oktober 1718 nær byen MilazzoSicilia i Italia mellom Spania og Austerrike som ein del av kvadrupelalliansekrigen.

Slaget ved Milazzo
Del av kvadrupelalliansekrigen
Dato 15. oktober 1718
Stad Milazzo i Sicilia
Resultat Spansk siger
Partar
 Det tysk-romerske riket Flagget til Spania Spania
Kommandantar
Wirich Philipp von Daun Markien av Lede
Styrkar
6 000[1] 9 300
Tap
1 500 drepne og skadde
300 fangar
1 500 drepne og skadde
200 fangar
Kvadrupelalliansekrigen
SardiniaSiciliaCastellamare1. PalermoKapp Passaro1. MessinaMilazzoFuenterrabíaGlen ShielFrancavillaRosesPensacola2. MessinaVigoKapp St. Vincent2. PalermoSferracavalloLa Seu d'Urgell Nassau

Bakgrunn endre

Kong Filip V av Spania var frustrert etter tapa av dei italienske områda sine etter den spanske arvefølgjekrigen og hadde invadert Sardinia, som no tilhøyrte Austerrike i august 1717 og Sicilia, som hadde vorte gjeve til hertugen av Savoie, i juli 1718.

Han tok nytta maktvakuumet som oppstod i Frankrike etter at Ludvig XIV døydde, og det at Austerrike var oppteken med den austerriksk-tyrkiske krigen 1716-1718. Den 21. juli 1718 enda derimot krigen mot Tyrkia med freden i Passarowitz og den 2. august førte dette til at kvadrupelalliansen mot Spania vart oppretta, mellom Austerrike, Storbritannia, Dei sameinte Nederlanda og Frankrike.

Samstundes hadde 30 000 spanjolar under markien av Lede teke heile øya, utanom området kring Messina, som vart kringsett 18. juli.

Den 11. august gjekk ein britisk flåte under Sir George Byng til åtak og øydela den spanske flåten utan ei krigserklæring i Slaget ved Kapp Passaro. Den 13. oktober sette denne flåten i land ein austerriksk armé, samla ved Napoli av den austerrikske statthaldaren grev Wirich Philipp von Daun nær Milazzo, for å heve kringsetjinga til dei spanske styrkane. Dette førte til slaget den 15. oktober.

Slaget endre

Austerrikarane gjekk til åtak særs tidleg om morgonen, og overraska spanjolane. Dei to spanske dragonregimenta (Batavia og Lusitania) stoppa åtaket, slik at resten av den spanske armeen fekk tid til å kome i stilling. Begge regimenta vart desimert, men ofringa deira gav Lede høvet til å gjere eit motåtak. Austerrikarane vart pressa attende og spanjolane jaga den flyktande armeen, og påførte dei store tap.

Austerrikarane tapte 1500 mann og 300 vart tekne til fange. Spanjolane mista òg 1500 mann og 200 vart tekne til fangar. Messina vart erobra av spanjolane, men marki de Lede nytta ikkje høvet til å drive austerrikarane fullstendig bort frå øya, og gav dei eit bruhovud kring Milazzo. Dette bruhovudet og den overlegne makta til sjøs etter slaget ved Kapp Passaro, gav austerrikarane høvet til å sende fleire soldatar året etter, noko som førte til slaget ved Francavilla.

Kjelder endre

  1. Chandler: The Art of Warfare in the Age of Marlborough, s. 305. All statistics taken from Chandler.