Slaget ved Narva i 1704

Slaget ved Narva
Del av den store nordiske krigen

Peter den store fører dei russiske soldatane til siger i Narva i 1704
Dato 9. august 1704
Stad Narva
Resultat Russisk siger
Partar
Flagget til Sverige Sverige Flagget til Russland Russland
Styrkar
3 800 infanteristar og 1300 kavaleristar 45 000
Tap
3200 døde eller skadde, 1900 fanga 13 000 døde eller skadde
Den store nordiske krigen
Denne artikkelen handlar om slaget ved Narva i 1704. For andre slag ved Narva, sjå slaget ved Narva.

Slaget ved Narva vart den andre russiske kringsettinga av svenske Narva under den store nordiske krigen, og førte til at Russland erobra byen den 9. august 1704 og så massakrerte alle dei svenske innbyggjarane.[1]

Fire år etter det første slaget ved Narva marsjerte tsar Peter igjen mot byen i eit forsøk på å erobre han. Peter marsjerte med 45 000 mann. Garnisonen i Narva vart kommandert av generalmajor Henning Rudolf Horn af Ranzien og bestod av 3800 infanteristar og 1300 kavaleristar. Russarane gjekk til åtak på tre frontar og etter eit langt slag tok dei byen. General Horn, fleire offiserar og mange svenske soldatar vart fanga, og om lag 3000 svenskar vart drepne eller skadde. Russarane, sjølv om dei vann, hadde store tap, 13 000 mann under heile omleiringa og det siste åtaket.

Minnesmerke i Narva

I august same året signerte Peter I Narva-traktaten i byen.

Kjelder endre

  1. Dupuy, Richard Ernest; Dupuy, Trevor Nevitt (1986). The encyclopedia of military history from 3500 B.C. to the present (2 utg.). Harper & Row. ISBN 0061812358.