Slaget ved Pfaffenhofen

Slaget ved Pfaffenhofen vart utkjempa 15. april 1745 mellom Frankrike og Austerrike. Austerrikarane under Karl Josef Batthyány slo dei franskmennene, som var i mindretal, under General Ségur, og enda krigen i Bayern.

Slaget ved Pfaffenhofen
Del av den austerrikske arvefølgjekrigen

Dei franske troppane trekker seg tilbake
Dato 15. april 1745
Stad Pfaffenhofen an der Ilm, dagens Oberbayern i Tyskland
Resultat Austerriksk siger
Partar
Det tysk-romerske riket 1400-1806 Austerrike Frankrike Frankrike
Bayern Bayern
og tyske allierte
Kommandantar
Det tysk-romerske riket 1400-1806 Karl Josef Batthyány FrankrikeGeneral Ségur
Styrkar
10 000[1] 7000
Tap
800 2400
Felttog i den austerrikske arvefølgjekrigen
MollwitzChotusitzDettingenToulonPfaffenhofenFontenoyHohenfriedbergSoorHennersdorfKesselsdorfRoucoux1. FinisterreLauffeld2. FinisterreHavanna

Opptakt endre

I oktober 1744 hadde den fransk-bayerske hæren klart, i lag med Preussen, å drive austerrikarane ut frå Bayern og gjeninnsette Karl VII, kurfyrsten av Bayern og keisar av Det tysk-romerske riket, i hovudstaden München. Her døydde han tre månader seinare.

Den atten år gamle sonen og arvingen Maximilian III Josef vakla mellom Freds-partiet, leia av mora Maria Amalia av Austerrike og hærkommandanten Friedrich Heinrich von Seckendorff og Krigspariet, leia av utanriksminster general Ignaz von Törring og den franske representanten Chavigny.

Dette hemma dei pågåande fredsforhandlingane, så Maria Teresia av Austerrike gav den austerrikske hæren ordre om å starte ein ny offensiv for å setje press på dei bayerske forhandlarane. Amberg og Vilshofen vart tatt og den bayerske hæren under Törring og deira allierte frå Frankrike, Hessen og Pfalz vart pressa på defensiven.

Törring valde å trekke sine bayerske og hessiske troppar på andre sida av elva Lech. Den franske kommandanten, Henri François de Ségur, vart ikkje informert om denne manøveren og venta utan vern nær Pfaffenhofen på forsterkingar frå Pfalz under general Zastrow, som kom 14. april. Dagen etter valde Segur å trekke seg bak Lech. Austerrikarane, som var klar over den isolerte posisjonen til franskmennene, hadde då nådd Pfaffenhofen med ein større styrke enn franskmennene.

Slaget endre

Austerrikarane gjekk først til åtak på byen Pfaffenhofen og vart møtt av fransk eld. Men austerrikarane tok byen hus etter hus og dei aggressive kroatiske pandurane påførte franskmennene store tap.

Samstundes hadde François de Ségur raskt sett opp ein improvisert forsvarsposisjon rundt ein ås vest for byen, men då fleire og fleire austerrikske troppar, inkludert hovudstyrken under Batthyány, nådde slagmarka, vart de Ségur tvungen til å trekke seg tilbake for å unngå å verte omringa. Då signalet om tilbaketrekking kom frå generalen, braut det ut panikk blant Pfalz-troppane og dei flykta. de Ségur hadde store vanskar med å hindre panikk hos sine eigne franske troppar.

Den tilbaketrekkande hæren vart angripe av pandurar og husarar, som påførte mange tap. Først etter at franskmennene og styrkane frå Pfalz hadde kryssa elva Paar ved Hohenwart kl. 18 om kvelden gav austerrikarane opp forfølginga. Den slåtte hæren n¨dde Rain ved Lech dagen etter kl. 11 og slo leir her. Morgonen etter dukka den austerrikske hæren opp og dei allierte flykta over Lech, og let alt materiale ligge att. Berre øydelegginga av brua over elva hindra ein total katastrofe for dei allierte.

de Ségur hadde mista mykje mannskap og material, men klarte å oppretthalde disiplin hos styrkane sine som hindra totalt nederlag.

Etterverknad endre

Dagen etter nederlaget vart Törring avsett og Fredspariet vann fram. Ei veke seinare signerte Maximilian III Josef Füssen-traktaten med Austerrike.

Maximilian anerkjende òg den pragmatiske sanksjonen. Han gav òg opp faren sitt krav på Böhmen og keisarkrona,, og lovde å støtte kandidaturet til ektemannen til Maria Teresia, Frans Stefan av Lorraine for trona, og han vart faktisk den nesten keisaren, den 13. september 1745.

Slaget ved Pfaffenhofen eliminerte Bayern og Böhmen som ein av dei fire krigskodeplassane som austerrikarane kjempa på, og troppane frå dette området kunne no delta i krigen i Schlesien, Italia og Dei austerrikske Nederlanda.

Kjelder endre

  1. Chandler: The Art of Warfare in the Age of Marlborough, s.306: All statistikk frå Chandler