Slaget ved Port Royal i 1690

Slaget ved Port Royal (19. mai 1690) skjedde ved Port Royal, hovudstaden i franske Acadia, under Kong Vilhelm-krigen (1689–1697), den første av fire franske og indianske krigar. Ein stor styrke frå Ny-England kom til Port Royal, som overgav seg utan motstand kort tid etter. Ny-engelskmennene, leia av sir William Phips, hevda at akadiarane braut overgjevingsvilkåra og plyndra byen og fortet. Dette medførte at mange av akadiarane sterkt kom til å mislike ny-engelskmennene og det framtidige forholdet med dei engelsktalande naboane vart vanskelegare.[3]

Slaget ved Port Royal
Del av Kong Vilhelm-krigen

Sir William Phips
Dato 19. mai 1690
Stad Port Royal i Acadia (i dagens Nova Scotia)
Resultat Siger til Massachusetts Bay
Partar
kolonien Massachusetts Bay Den franske kolonien Acadia
Kommandantar
Sir William Phips Louis-Alexandre des Friches de Meneval #
Styrkar
7 krigsskip med 78 kanonar, 446 militssoldatar, 226 sjømenn[1] færre enn 90 soldatar, 18 kanonar (ingen oppstilte)[2]
Tap
ingen alle overgav seg
Kong Vilhelm-krigen
Hudson Bay: Hudson Bay (1686) · 1. Fort Albany · 2. Fort Albany · York Factory · Hudsonbukta i 1697

Quebec, New York og Newfoundland: Lachine  · Schenectady · Quebec · La Prairie · Mohawk Valley · Newfoundland


Acadia og Ny-England: Dover · 1. Pemaquid · Salmon Falls · Port Royal · Falmouth · Chedabucto · York · Wells · Oyster River · Bay of Fundy · 2. Pemaquid · Chignecto · Fort Nashwaak

Bakgrunn endre

Niårskrigen hadde starta i 1688 i Europa og England vart innblanda i 1689 som ein del av ein allianse mot Frankrike.[4] Styresmaktene i Ny-Frankrike utnytta uroa som oppstod i dei engelske koloniane etter den ærerike revolusjonen i 1688 og utførte mange raid i lag med deira indianske allierte i dei spente grenseområda i Ny-England og New York. To raid tidleg i 1690, eit mot Schenectady i New York og det andre mot Salmon Falls i New Hampshire, fekk styresmaktene i Massachusetts Bay Colony til å utføre fleire hemntokt mot franskmennene i Acadia.[5]

Den 28. april 1690 segla William Phips frå Boston med ein flåte på fem skip og 446 militssoldatar. Flaggskipet hans, «Six Friends», hadde 42 kanonar, medan «Porcupine» hadde 16. Etter å ha teke franske samfunn i Penobscot Bay og Passamaquoddy Bay, sette Phips segl mot Port Royal og nådde fram den 9. mai.[2] Før han nådde byen tok han kontakt med Pierre Melanson dit Laverdure, ein fransk hugenott, og forvissa seg om tilhøva i byen. Han segla så inn mot byen.[6]

Overgjeving endre

Den franske garnisonen hadde mindre enn 90 soldatar og festningsverka var i dårleg tilstand. Ein militæringeniør hadde komen dit i oktober 1689 og rive fortet ned for å byggje opp eit nytt eit, så ingen av kanonane var stilte opp. I tillegg hadde garnisonen berre 19 muskettar.[6]

Då Phips sende eit sendebod den 10. mai for å krevje at fortet overgav seg, sende Meneval ein lokal prest, Louis Petit, for å forhandle om overgjevingsvilkåra. Dette omfatta at ingen skulle skadast eller plyndrast, og at dei måtte få behalde den katolske truskapen sin. Phips nekta å godta vilkåra skriftleg, men dei vart stadfast av fleire vitne då guvernør Meneval kom til «Six Friends» dagen etter.[7]

Etterverknad endre

Kva som skjedde etter overgjevinga, og motiva for det, er omdiskutert,[7] fordi dei franske og engelske kjeldene er forskjellig på fleire punkt. Overgjevingsvilkåra vart brotne, og den engelske militsen plyndra ikkje berre fortet men og kapellet i fortet. Private eigedelar vart tekne og dei tok livet av buskapen.[8]

I følje engelske framstillingar fjerna dei franske soldatane og innbyggjarane varer frå fortet (som normalt ville gå til sigerherren som krigsutbytte), medan forhandlingane fann stad. Då Phips vart gjort merksam på dette, vart han rasande og hevda at avtalen var broten, og dermed godtok han plyndringa som følgde.[8]

Den franske framstillinga er annleis. Guvernør Meneval skal visstnok ikkje ha etterlate seg detaljerte ordrar då han gjekk for å forhandle med Phips, og somme av soldatane i garnisonen byrja å drikke. Dei braut seg så inn i lageret til kjøpmannen og gjerna varer derfrå. Sidan det berre var «kongen sine varer» som var ein del av overgjevingsvilkåra, meiner ein at det er rom for tvil om avtalevilkåra verkeleg vart broten.[8]

Phips fekk dei akadiske bøndene til å sverje truskap til den engelske kongen og dronninga, før han fekk oppretta eit nytt styre. Styret vart derimot ikkje lenge og Joseph Robineau de Villebon, ein av assistentane til Meneval vende attende til Port Royal frå Frankrike i juni, og gjenoppretta det franske styret. Han flytta hovudstaden til St. John River fordi denne var lettare å forsvare. Port Royal vart angripen av sjørøvarar kort tid etter at Phips forlet staden.

Kjelder endre

  1. Griffiths, s. 150–151
  2. 2,0 2,1 Baker and Reid, s. 87
  3. Plank, s. 32
  4. Plank, s. 10–11
  5. Baker and Reid, p. 84
  6. 6,0 6,1 Baker and Reid, s. 88
  7. 7,0 7,1 Griffiths, s. 151
  8. 8,0 8,1 8,2 Baker and Reid, s. 89

44°42′40″N 65°36′36″W / 44.71111°N 65.61000°W / 44.71111; -65.61000