Slaget ved Quiberonbukta

Slaget ved Quiberonbukta (Bataille des Cardinaux) var eit sjøslag som fann stad 20. november 1759 under sjuårskrigen i Quiberonbukta, utanfor kysten av Frankrike nær St. Nazaire. Den britiske admiralen Sir Edward Hawke med 23 linjeskip tok igjen ein fransk flåte med 21 linjeskip under Marshal de Conflans og etter harde kampar, sokk, kapra eller grunnstøtte britane dei fleste av dei, og gav Royal Navy ein av dei største sigrane sine.

Slaget ved Quiberonbukta
Del av sjuårskrigen

Slaget ved Quiberonbukta, Nicholas Pocock, 1812. National Maritime Museum
Dato 20. november 1759
Stad Quiberonbukta i Biscayabukta
Resultat Avgjerande britisk siger
Partar
 Storbritannia  Frankrike
Kommandantar
Sir Edward Hawke Comte de Conflans
Styrkar
23 linjeskip 21 linjeskip
Tap
To linjeskip vart øydelagde Seks linjeskip forsvann, eitt vart kapra
Sjuårskrigen: Quiberon
Le Havre - LagosQuiberonbukta - Carrickfergus
Kart over Quiberonbukta

Bakgrunn endre

I løpet av 1759 hadde franskmennene planar om å invadere England og Skottland og hadde samla transportskip og soldatar rundt munningen av elva Loire. Nederlaget til middelhavsflåten i slaget ved Lagos i august gjorde at invasjonsplanane ikkje kunne gjennomførast, men Choiseul hadde framleis planar om å ta Skottland, så flåten fekk ordre om å kome seg unna den britiske blokaden utanfor Brest og samle transportskipa i Morbihanbukta.

Den første veka i november slo ein vestleg sterk kuling inn og etter tre dagar, måtte skipa til Hawke vende attende mot Torbay på sørkysten av England. Robert Duff vart att i Quiberonbukta med ein skvadron på 5 'fifties' og 9 fregattar for å halde eit auge med transportskipa.[1] I mellomtida kom ein liten skvadron frå Vestindia til Conflans i Brest og då austavinden kom den 14. november, kom Conflans seg ut. Han vart oppdaga av HMS «Actaeon», som hadde vore att ved Brest, trass den kraftige vinden, men hadde ikkje klart å nå Hawke med HMS «Juno» og HMS «Swallow». Desse skipa hadde prøvd å åtvare Duff, men vart tilsynelatande jaga bort av franskmennene.[2] Duff fekk melding dagen etter og sette segl mot Quiberon inn i ein kraftig søraustleg vind. Samstundes ahdde HMS «Vengeance» nådd Quiberonbukta kvelden før for å åtvare Duff og han sende skvadronen sin til havs i den kraftige vinden.[3]

Slaget endre

 
Rørslene til dei engelske og franske flåtane

Conflans hadde kjempa mot vinden og hadde sakka av kvelden den 19. for å nå Quiberon ved daggry. 20 nautiske mil utanfor Bellisle såg han sju av skipa i skvadronen til Duff.[3] Då han skjønte at dette ikkje var hovudflåten til britane, sette han opp farten. Duff delte skipa sine mot nord og sør, med fronten og senteret til franskmennene jagande etter, medan dei bakarste franske skipa heldt seg tilbake på vindsida for å observere nokre segl dei hadde sett dukke opp i vest.[4] Franskmennene avbraut forfølginga, men var framleis spreidd då flåten til Hawke kom til syne.[4] HMS «Magnanime» såg franskmennene kl. 0830[3] og Hawke gav signal om å sette skipa side om side.[4]

Conflans måtte ta eit val, å starte kampen med den ufordelaktige posisjonen han no hadde til havs og ein særs kraftig nordvest, eller gå inn til Quiberonbukta, forsvare seg der og lokke Hawke inn i labyrinten av skjer og grunner.[5] Rundt kl. 0900 gav Hawke signal om generell forfølging, samt eit nytt signal om at dei første sju skipa skulle danne ei linje framfor og trass i vêret setje fullt segl.[6] Kl. 1430 hadde Conflans runda Les Cardinaux, klippene ytst på Quiberonhalvøya som har gjeve det franske namnet på slaget. Dei første skota vart høyrd samstundes som han runda klippene, sjølv om Sir John Bentley på «Warspite» hevda at dei vart avfyrte utan hans ordre.[7] Britane var i ferd med å ta igjen dei bakaraste franske skipa medan skipa i midten og heilt framme var på veg inn i den tryggare bukta.

Like før kl. 1600 overgav det medtekne franske «Formidable» seg til HMS «Resolution», samstundes med at Hawke sjølv runda Les Cardinaux.[8] Samstundes tapte «Thésée» duellen hennar med HMS «Neptune» og gjekk ned. «Superbe» kantra og den hardt skadde «Héros» heiste flagget for vicomte Howe[8] før ho gjekk på grunn i løpet kvelden.

Samstundes dreidde vinden frå vest-nordvest til nordvest, og dette gjorde den halvvegs oppretta linja til Conflans ytterlegare forvirra. Conflans prøvde utan hell å få orden i rekkene, men valde til slutt å gå ut til havs igjen. Flaggskipet hans, «Soleil-Royal», var på veg ut bukta, samstundes med at Hawke var på veg inn på HMS «Royal George». Hawke såg høvet til å skyte langskips mot «Soleil Royal», men «Intrépide» la seg i mellom og tok imot elden.[9] Samstundes hadde «Soleil Royal» falle mot lesdia og vart tvunge tilbake og ankra opp utanfor Croisic, vekk frå resten av den franske flåten. No var klokka vorte 1700 og mørket var i ferd med å senke seg, så Hawke gjorde signal om å kaste anker.[9]

I løpet av natta klarte åtte franske skip å gjere det «Soleil Royal» ikkje hadde klart, å navigere gjennom grunnene og ut i det trygge havet til Rochefort.[10] Sju skip og fregattar låg i Villaine-estuaret (like utanfor kartet over, mot aust), men Hawke vågde ikkje å gå til åtak mot dei i den kraftige vinden.[10] Franskmennene kasta kanonar og utstyr over bord og nytta floa som var på veg inn, og nordvestavinden til å kome seg over sandbanken og inn i Villaine-elva.[10] Fire linjeskip braut kjølen i gjørma.[10] Den hardt skadde «Juste» gjekk tapt med alle mann då segla mot Loire og HMS «Resolution» gjekk på grunn i løpet av natta.

 
Slaget ved Quiberon Bay: dagen etter
(Richard Wright 1760)

«Soleil Royal» prøvde å kome seg i tryggleik ved batteria i Croisic, men HMS «Essex» jaga etter, noko som førte til at begge gjekk på grunn ved sidan av «Heros».[10] Den 22. november minka vinden og tre av skipa til Duff vart sende for å øydelegge dei grunnstøtte skipa. Conflans sette «Soleil Royal» i brann sjølv, medan britane brende «Heros»,[10] som sett på måleriet til Richard Wright til høgre. Hawke prøvde å angripe skipa i Villaine med brannbåtar, men det hadde ingen effekt.[9]

Etterverknad endre

Den franske flåten var kraftig svekka og kom seg ikkje på fote att før krigen var over. Som Alfred Thayer Mahan sa, «Slaget den 20. november 1759 var denne krigen sitt Trafalgar [...] den engelske flåten var no fri til å handle mot dei franske koloniane og seinare dei spanske, på ein langt større skala enn tidlegare.» Til dømes klarte ikkje franskmennene å følgje opp sigeren deira i slaget ved Sainte-Foy i 1760 fordi dei ikkje fekk ettersendt forsyningar frå Frankrike, så hendinga i Quiberonbukta kan ha vore avgjerande for lagnaden Ny-Frankrike og dermed Canada.

Frankrike opplevde ei kredittinnstramming, sidan finansmennene innsåg at britane no kunne angripe når dei måtte ønske mot fransk handel.[11]

Skip i slaget endre

Frankrike endre

Namn Kanonar Kommandant Menn Merknad
Første divisjon
«Soleil-Royal» 80 kapt. B. de Chasac 950 Flaggskipet til Marquis de Conflans – grunnstøytte og brent
«Orient» 80 kapt. N. de la Filière 750 Flaggskipet til Chevalier de Guébridant Budes – slapp unna til Rochefort
«Glorieux» 74 Villars de la Brosse 650 Slapp unna til Vilaine
«Robuste» 74 Fragnier de Vienne 650 Slapp unna til Vilaine
«Dauphin Royal» 70 Chevalier d'Uturbie Fragosse 630 Slapp unna til Rochefort
«Dragon» 64 Vassor de la Touche 450 Slapp unna til Vilaine
«Solitaire» 64 Vicomte de Langle 450 Slapp unna til Rochefort
Andre divisjon
«Tonnant» 80 kapt. St Victoret 800 Flaggskipet til Chevalier de Beauffremont – slapp unna til Rochefort
«Intrépide» 74 Chastologer 650 Slapp unna til Rochefort
«Thésée» 74 Kersaint de Coetnempren 650 Sokk
«Northumberland» 70 Belingant de Kerbabut 630 Slapp unna til Rochefort
«Superbe» 70 Montalais 630 Sokke av «Royal George»
«Eveillé» 64 Prévalais de la Roche 450 Slapp unna til Vilaine
«Brillant» 64 Keremar Boischateau 450 Slapp unna til Vilaine
Tredje divisjon
«Formidable» 80 kapt. St André 800 Flaggskipet til De Saint André du Vergé – teken av «Resolution»
«Magnifique» 74 Bigot de Morogues 650 Slapp unna til Rochefort
«Héros» 74 Vicomte de Sanzay 650 Overgav seg, men gjekk på grunn dagen etter i den kraftige vinden og til slutt brent
«Juste» 70 François de Saint Allouarn 630 Forliste i Loire
«Inflexible» 64 Tancrede 540 Mista i munningen til Vilaine
«Sphinx» 64 Goyon 450
«Bizarre» 64 Prince de Montbazon 450 Slapp unna til Rochefort
Fregattar og korvettar
«Hébé» 40 300 Segla tilbake til Brest
«Vestale» 254 Slapp unna til Vilaine
«Aigrette» Slapp unna til Vilaine
«Calypso» Slapp unna til Vilaine
Prince Noir/Noire Slapp unna til Vilaine
Andre
«Vengeance» ?

Storbritannia endre

 
HMS «Royal George», flaggskipet til Hawke i Quiberonbukta - Etterlikning av elfenbein frå kvalross
Namn Kanonar Kommandør Menn Merknader
HMS «Royal George» 100 Kaptein Campbell 880 Flaggskipet til Sir Edward Hawke
HMS «Union» 90 Kaptein J. Evans 770 Flaggskipet Sir Charles Hardy
HMS «Duke» 80 Kapt. Samuel Graves 800
HMS «Namur» 90 Matthew Buckle 780
HMS «Resolution» 74 Henry Speke 600 Forliste på ei grunne
HMS «Hero» 74 George Edgcumbe 600
HMS «Warspite» 74 Sir John Bentley 600
HMS «Hercules» 74 W. Fortescue 600
HMS «Torbay» 70 Augustus Keppel 520
HMS «Magnanime» 70 Vicomte Howe 520
HMS «Mars» 70 Kommandør James Young 520
HMS «Swiftsure» 70 Sir Thomas Stanhope 520
HMS «Dorsetshire» 70 Peter Denis 520
HMS «Burford» 70 G. Gambier 520
HMS «Chichester» 70 W. S. Willet 520
HMS «Temple» 70 Hon. W. Shirley 520
HMS «Essex» 64 Lucius O'Brien 480 Forliste på ei grunne
HMS «Revenge» 64 J. Storr 480
HMS «Montague» 60 Joshua Rowley 400
HMS «Kingston» 60 Thomas Shirley 400
HMS «Intrepid» 60 J. Maplesden 400
HMS «Dunkirk» 60 R. Digby 420
HMS «Defiance» 60 P. Baird 420
HMS «Chatham» 50 J. Lockhart 350
HMS «Minerva» 32 A. Hood 220
HMS «Venus» 36 T. Harrison 240
HMS «Vengeance» 28 F. Burslem 200
HMS «Coventry» 28 D. Digges 200
HMS «Sapphire» 32 John Strachan 220

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Battle of Quiberon Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 28. desember 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Charnock, John Esq., Biographia Navalis, Vols.5 & 6 (London 1798)
    • Clowes, W.L. (ed.). The Royal Navy; A History, from the Earliest Times to the Present, Volume III. (London 1898).
    • Jenkins, E.H. A History of the French Navy (London 1973).
    • Mackay, R.F. Admiral Hawke (Oxford 1965).
    • Marcus, G. Quiberon Bay; The Campaign in Home Waters, 1759 (London, 1960).
    • Tunstall, Brian og Tracy, Nicholas (ed.). Naval Warfare in the Age of Sail. The Evolution of Fighting Tactics, 1650-1815 (London, 1990).
  1. Corbett, Julian S. (1907), England In The Seven Years War vol II, Longmans Green, s. 50 
  2. Corbett s. 52-3
  3. 3,0 3,1 3,2 Corbett s. 59
  4. 4,0 4,1 4,2 Corbett s. 60
  5. Corbett s. 61
  6. Corbett s. 63-4
  7. Corbett s. 65
  8. 8,0 8,1 Corbett s. 66
  9. 9,0 9,1 9,2 Corbett s. 67
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 Corbett s. p68
  11. Corbett s. 72

Bakgrunnsstoff endre