Slaget ved Rossbach

Slaget ved Rossbach vart utkjempa den 5. november 1757 under sjuårskrigen nær landsbyen Roßbach i Kurfyrstedømet Sachsen.

Slaget ved Rossbach
Del av sjuårskrigen

Fredrik den store lukkar fella. Raudt er dei franske og austerrikske styrkane.
Dato 5. november 1757
Stad Roßbach i Kurfyrstedømet Sachsen
Resultat Prøyssisk siger
Partar
Preussen 1750-1802 Preussen Det tysk-romerske riket 1400-1806 Austerrike
Frankrike Frankrike
Kommandantar
Fredrik II Charles, prince de Soubise
Josef av Sachsen-Hildburghausen
Styrkar
22 000
79 kanonar
42 000
45 kanonar
Tap
169 døde
379 skadde
5000 døde eller skadde
5000 fanga
Sjuårskrigen: Europa
MenorcaLobositzReichenbergPrahaKolínHastenbeckGross-JägersdorfMoysRochefortRossbachBreslauLeuthenRheinbergKrefeldDomstadtlCherbourgZorndorfSaint CastTornowLutterbergHochkirchBergenKayMindenKunersdorfHoyerswerdaFrisches HaffMaxenMeissenLandeshutKorbachEmsdorfWarburgLiegnitzKloster KampenTorgauVillinghausenKolbergWilhelmstahlBurkersdorfLutterbergAlmeidaKasselFreiberg

Fredrik den store slo den allierte hæren til Frankrike og Austerrike. Dette slaget vert rekna som eit av dei største meisterverka hans der han utnytta raske rørsler for å ta fienden fullstendig på senga og øydelegge ein fiendtleg arme utan særleg tap i eigne rekker.

Bakgrunn endre

Den allierte hæren til Det tysk-romerske riket og Frankrike vart ein trugsel så snart dei marsjerte inn i Thüringen. Andre stader var ikkje den austerrikske armeen strategisk ein umiddelbar trugsel og russarane var òg for langt unna til å gjere noko skade. Ved hjelp av indre linjer klarte Fredrik å avansere mot den fiendtlege hæren. Fredrik la ut mot Dresden den 31. august med 25 000 mann og la tilbake 270 km på 13 dagar. Han reiste føre hæren og kjøpte forsyningar på stadane hæren var på veg til, og etterlet forsyningsvognene sine for å kunne marsjere raskare. Og få fienden ut i kamp viste seg å vere vanskeleg sidan dei allierte prøvde å halde seg utanfor rekkevidde. Både Fredrik og fiendane hans flytta seg fram og tilbake ein periode, og prøvde å utmanøvrere kvarandre, utan at dei kom nokon veg. I løpet av denne tida hadde ein austerriksk styrke faktisk gått til åtak på Berlin og nesten fanga den prøyssiske kongefamilien.

Startposisjonane endre

Den prøyssiske leiren morgonen 5. november 1757 låg mellom Rossbach til venstre og Bedra til høgre, mot dei allierte. Dei franske generalane, Charles de Rohan-Soubise og Josef Fredrik Vilhelm, hertug av Sachsen-Hildburghausen, General Feldzeugmeister i Riket, hadde gjort manøvrer dei siste dagane utan å gje Fredrik høve til å få dei ut i strid, og no låg dei mot vest med høgresida nær Branderoda og venstre sida nær Mücheln. Dei fremste postane til prøyssarane stod i landsbyane like vest for leiren deira, medan postane til dei allierte stod på åsane Schortau og Galgenberg.

Dei første manøvrane endre

Dei allierte med om lag 42 000 mann hadde det talmessige overtaket i slaget. Dei fremste postane deira såg utover alle delar av leiren til Fredrik. Dei hadde gjort dei beste manøvrane dagane før og hertugen av Hildburghausen ønskte å gå til åtak. Han hadde derimot hatt vanskar med å overtale Soubise om å risikere eit slag, så dei allierte byrja ikkje å flytte seg frå leiren før etter kl. 11 den femte. Planen til dei allierte var å marsjere forbi Zeuchfeld, rundt venstresida til Fredrik, og så utan naturlege hindringar gå ut i striden nordover, mellom Reichardtswerben til høgre og Pettstädt til venstre. Hertugen sitt forslag var truleg eit like godt forslag og ville ha truga å stenge Fredrik borte frå byane langs Saale. Men dei allierte kunne berre ha klart å nå denne posisjonen om dei hadde marsjert på tvers av fronten til fienden, noko som ville ha vore risikabelt.

Fredrik brukte morgonen med å skode på dei frå hustak i Rossbach. Den første rørsla deira overbeviste han om at dei allierte hadde starta ei tilbaketrekking sørover mot magasina deira og rundt middagstider gjekk han til middag, medan kaptein von Gaudi stod på vakt. Denne offiseren fekk eit anna inntrykk av rørslene til dei allierte fordi kolonnane, som frå tid til annan vart synlege mellom åsane, såg ut til å vende seg austover frå Zeuchfeld. Då kongen sjølv såg at fienden sitt kavaleri og infanteri alt hadde kome nær Pettstädt innsåg han intensjonane til fienden. Dei allierte gav han no striden han hadde venta så lenge på og han nølte ikkje å utnytte dette høvet.

Fella endre

Den prøyssiske hæren brøyt leir, flytta bort og etterlet berre lette troppar for å ta dei franske utpostane, vaktene på åsen Schartau. Ein halvtime etter kongen gav ordren gjekk dei til åtak på fienden. Dei allierte marsjere i normal orden i to hovudkolonnar, den første linja til venstre og den andre til høgre. Lenger til høgre marsjerte ein kolonne med reservar til fots og mellom den første og andre linja var reserveartilleriet. Kavaleriet på høgreflanken var i front og kavaleriet på venstreflanken heilt bakarst. Først opprettheldt dei avstandane seg i mellom som dei hadde fått ordre om, men då dei skulle vende seg austover ved Zeuchfeld oppstod det stor forvirring. Delar av reserveinfanteriet flytta seg mellom dei to hovudkolonnane og hindra rørsla til reserveartilleriet. Resten på den ytre flanken klarte ikkje å følgje med farten i vendinga.

Ein svak flankesikring vart kasta ut mot Rossbach. Då dei allierte såg at prøyssarane flytta seg austover tenkte dei at prøyssarane var på retretten for å unngå å bli tatt frå flanken eller bakfrå. Dei allierte generalane auka så marsjfarten og sendte det førande kavaleriet på høgrevingen mot Reichardtswerben. Dei sendte òg kavaleriet på venstreflanken, bakarst i kolonnen, og sjølv flankesikringa for å ta del i den generelle jakta. Dette skulle vise seg å vere eit dødeleg mistak.

Fella vert utløyst endre

Soubise og hertugen innsåg ikkje at rørsla til Fredrik betydde eit åtak på dei før dei kunne danne formasjon. Dei hadde nytta meir enn tre timar på å bryte leir og fann det hardt å tru at hæren til Fredrik kunne gå avgarde på ein sjettedel av denne tida.

Fredrik hadde verken intensjonar om å setje opp formasjon parallelt til fienden eller å slå retrett. Sidan hæren hans klarte å forflytte seg dobbelt så rakst som fienden, valde han å ta ein omveg, skjerma av Janus Hugel og Pölzen Hugel, for så å falle brått mot fienden frå aust. Om dei allierte då hadde sett opp formasjonen sin mot nord ville åtaket kome mot høgreflanken. Om dei framleis var i rørsle austover eller nordaustover, så ville fronten av dei kolonnane verte knust lenge før resten av hæren ville klare å vende om til den nye retninga. Ei slik vending tok lang tid i dei dagar. General von Seydlitz tok alle tilgjengelege skvadronar raskt austover frå Rossbach, bak Janus Hugel til Pölzen Hugel. Oberst von Moller tok 18 store kanonar til Janus Hugel nordaust for allierte kolonnane, og infanteriet følgde etter så raskt som mogeleg.

Då kanonane til Moller opna eld, vart dei allierte skvadronane, som no låg nord for Reichardtswerben og godt føre sitt eige infanteri, ganske hardt råka, men det var vanleg å nytte kanonar for å dekke ein retrett og dei hadde med seg nokre feltkanoner som dei tok i bruk. Dei vart derimot forbløffa då Seydlitz sine 38 skvadronar, eller sju regiment, brått reid mot fronten og høgreflanken frå Polzen Hugel i særs stor fart. Det var nesten ikkje tvil om kva resultatet kom til å bli, og Von Seydlitz kasta inn den siste skvadronen sing og kjempa sjølv som ein kavalerist, då han vart hardt skadd. Nærkampen dreiv raskt sørover, forbi dei allierte infanteristane, og von Seydlitz samla til slutt ryttarane sine i eit dalsøkk nær Tagewerhen, klare til ny dyst. Denne episoden tok om lag ein halvtime og i løpet av denne tida hadde det prøyssiske infanteriet marsjert ned frå Janus Hugel for å møte dei alt forvirra og motlause infanteristane til dei allierte. Kavaleriet til dei allierte vart stort sett borte etter det første åtaket, og mange av dei hadde tråkka ned sine eigne menn i forsøk på å flykte.

Dei allierte sine forsøk endre

Det allierte infanteriet klarte, som kavaleriet, å få nokre regiment lengst framme i kolonnen i stilling. Franskmennene forma ei eller to kolonnar som var klar til åtak, og dei sprang så framover med bajonett, noko som var uvanleg for den franske hæren. Kanonane til Moller, som hadde rykt fram i lag med infanteriet, skapte store hol i linjene. Då dei franske kolonnane kom innanfor effektiv avstand for geværeld stoppa framrykkinga føre dei raske og metodiske geværsalvane til den prøyssiske linja.

Samstundes prøvde dei allierte forgjeve å forme ei kamplinje. Dei to hovudkolonnane hadde kome for nær kvarandre i framrykkinga frå Pettstädt. Delar av reservane hadde vorte vikla inn mellom hovudkolonnane prøvde gradvis å frigjere seg og strevde med å nå igjen resten av reservekolonnen til høgre. Reserverartilleriet i midten av infanteriet kunne ikkje nyttast så lenge situasjonen var som den var. Venstreflanken til prøyssarane, som hadde stogga dei franske kolonnane, kom raskt innanfor skothald til denne hjelpelause massen. Eit par geværsalvar mot fronten og venstreflanken til dei allierte skapte stor uorden, og samstundes gjekk så von Seydlitz til åtak på høgreflanken frå dalbotnen han hadde samla ryttarane i.

Dei allierte infanteristane braut då saman og flykta. Soubise og hertugen, som begge fekk skadar under slaget, klarte å halde eit eller to regiment samla, men resten var spreidd utover landsbygda. Slaget hadde vart mindre enn ein og ein halvtime, og den siste episoden med infanteristane berre om lag 15 minuttar. Berre sju prøyssiske bataljonar hadde møtt den langt meir talrike fienden.

Etterverknad endre

Von Seydlitz og prins Henrik av Preussen, leiarane av kavaleriet og infanteriet, vart begge skadde. Den prøyssiske hæren tapte mindre enn 550 menn samanlikna med om lag 10 000 mann hos fienden, som inkluderte 5000 krigsfangar. Fredrik skal ha sagt «eg vann slaget ved Rossbach med dei fleste infanteristane mine med geværa sine på skuldra». Ved hjelp av kløktig manøvrering og om lag 3500 kavaleristar klarte Fredrik den store å slå den samla hæren til to europeiske stormakter.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre