Slaget ved Vouillé

Slaget ved Vouillé (frå latin Campus Vogladensis) vart utkjempa i 507 mellom frankarane under kong Chlodovech, og vestgotarane under kong Alarik II. Frankarane fekk hjelp av bysantinarane.

Slaget mellom Clovis og Visigoths ved Vouillé

Frankarane hadde gjort ei avtale med den bysantinske keisaren, Anastasius I, om at dei skulle gå mot vestgotarane frå to sider. Frankarane gjekk over elva Loire, og Chlodovech drap sjølv kong Alarik. Slaget enda med at gotarane drog seg attende til Septimania, som dei greidde å verja.

Sigeren ved Vouillé gav frankarane kontroll med søre Gallia, og med Toulouse. Geserik, sonen til Alarik, samla gotarane til motstand ved Narbonne, men han mista livet då burgundarane gjekk til åtak på byen. Desse var òg i forbund med frankarane. No vart frankarane stogga av Theoderik den store, som ville hindre dei i å få meir makt enn dei skulle ha.

Chlodovech vart vidgjeten etter dette slaget, og vart kanna som konsul av austromarriket. Han var òg den einaste av germanarkongane som hadde gått over til den katolske trua, og vart æra av paven for det.

Kjelder endre