Slagkryssar var ein type krigsskip utvikla på byrjinga av 1900-talet. Konseptet var eit krigsskip med væpning på linje med slagskip, men med lettare pansring for å oppnå større fart. Tanken var at slagkryssarar skulle ha større slagkraft og rekkevidde til å øydeleggje fiendtlege kryssarar og samstundes vere raske nok til å sleppe frå slagskipa. Erfaringar som vart gjort under første verdskrig, spesielt i Jyllandsslaget, viste at slagkryssarane var sårbare, og då krigen slutta, vart dei aller fleste hogne opp.

Den britiske slagkryssaren HMS «Invincible»

Tyskland bygde derimot opp en slagkryssarflåte like før utbrotet av andre verdskrigen. Spesielt kjend er «Gneisenau» og «Scharnhorst».

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Slagkryssar