Sleater-Kinney er ein indierocktrio frå Olympia i Washington, påverka av riot grrrl-rørsla på 1990-talet. Gruppenamnet er teke frå avkøyring 105 («Sleater Kinney road») på Interstate 5 expressway («I-5») mellom Seattle og Portland.

Carrie Brownstein, Corin Tucker og Janet Weiss i Sleater-Kinney.

Grunnleggjarane av gruppa var Corin Tucker og Carrie Brownstein. Janet Weiss (frå Quasi) er no trommeslagar i gruppa.

Sleater-Kinney har ingen bassgitarist. Både Carrie og Corin spelar gitar.

Kritikaryndlingane debuterte med eit sjølvtitulert album i 1995, og fortsette med fleire vel mottekne album som Call the Doctor (1996) og Dig Me Out (1997). Dei neste utgjevingane gjorde at gruppa nådde eit større publikum, særleg med One Beat frå 2002. Gruppa har likevel heile tida vore trufaste mot indierock- og feminist-røtene sine.

Etter å ha gjeve ut to album på Chainsaw Records brukte Sleater-Kinney lenge det uavhengige plateselskapet Kill Rock Stars. Det sjuande albumet deira, The Woods, kom ut på Sub Pop Records.

Diskografi endre

  • Album
    • Sleater-Kinney (1995)
    • Call the Doctor (1996)
    • Dig Me Out (1997)
    • The Hot Rock (1999)
    • All Hands on the Bad One (2000)
    • One Beat (2002)
    • The Woods (2005)
    • No Cities to Love (2015)

Bakgrunnsstoff endre