Slidegitar eller bottleneck-gitar (flaskehalsgitar) er ein gitarteknikk. Uttrykket slide er engelsk og syner til gliderørsla over strengane. Ein slide er då eit firkanta metallstykke (på engelsk kalla slide) som ein pressar mot og flyttar over strengane, opp og ned gitarhalsen. Bottleneck eller flaskehals, syner til at ein nytta halsen på glasflasker på veslefingen til å dette føremålet. I dag nyttar ein gjerne spesiallagde sylindrar av plast eller metall for same effekten.

Døme på ein flaskehals, med fingerplukking og resonatorgitar.

I staden for å endre tonen på strengane på normalt vis ved å presse strengen mot banda, glir ein flaksehalsen eller sliden over strengane for å endre tonen. Dette kan ein gjere utan å løfte flaskehalsen frå strengane, slik at ein får ein glissandi- eller vibratoeffekt.

Slidegitar vert ofte nytta (for høgrehendte):

  • Med gitaren i ein normal posisjon og med ein «bottleneck» på ein av fingrane på venstrehanda.
  • Når gitaren ligg horisontalt med basstrengen mot spelaren, og ein nyttar ein slide kalla ein «steel», vert dette kalla «lap steelgitar».

Slidegitar eller bottleneck vert mykje nytta av blues- og rockegitaristar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre