Smålom
Ein smålom i hekkedrakt, foto frå Island Foto: Ómar Runólfsson
Ein smålom i hekkedrakt, foto frå Island
Foto: Ómar Runólfsson
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av Smålom
Utbreiinga av Smålom
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Lommar Gaviiformes
Familie: Gaviidae
Slekt: Gavia
Art: Smålom G. stellata
Vitskapleg namn
Gavia stellata

Smålom (Gavia stellata) er ein akvatisk fugl, og den einaste i lomfamilien som lever sirkumpolart i Holarktis. Han hekkar først og fremst i arktiske strøk, og overvintrar i nordlege farvatn. Smålommen er den minste og lettaste av alle lommar. Om vinteren er han lite iaugefallande, med gråaktig overside som falmar til kvitt under. Gjennom hekkesesongen får han den særeigne raudlege halsflekken som er grunnlaget for artsnamnet på engelsk, Red-throated Loon. Fisk gjer ut for hovuddelen av kosthaldet, sjølv om smålommar ofte supplerer med amfibium, virvellause dyr og plantematerialar. Dette er ein monogam art, smålommar dannar langsiktige parbindingar. Begge medlemmer av para bidrar til reirbygging, eggruging og mating av ungar.

Smålommen har ein stor global populasjon og ei monaleg global utbreiing, men nokre delar av bestanden er minkande. Oljesøl, habitatsøydelegging, ureining og fiskegarn er blant dei største trugsmåla denne arten står overfor. Naturlege predatorar inkluderer ulike måseartar, og både raudrev og fjellrev tar egg og ungar. Arten er verna av ei rekkje internasjonale avtalar.

I Noreg har han òg vore kjent som raudstrupa lom, heilom og kakera.[2]

Skildring endre

 
Ein vaksen smålom i vinterdrakt
Foto: Peter Massas

Smålommen er den minste og lettaste av verdas lomartar. Kroppslengda er ca. 53 til 69 centimeter, vengespennet ca. 106-116 cm og kroppsvekta 1-2,4 kilogram.[3] Han er korthalsa, har langstrekt kroppsform med beina festa langt bak på kroppen. Kjønna er like i utsjånad, men i gjennomsnitt er hannar litt større med kraftigare hovud og nebb enn hoene.[3] Hekkedrakta har mørk grått hovud og hals med fine svarte og kvite striper på baksida av halsen, ein trekanta raud halsflekk, kvit underside og ei mørk gråbrun overside. Utanom hekketida er fjørdrakta mindre iaugefallande med hake, framsida av halsen og mykje av andletet er kvitt, oversida av hovudet og nakken er grå, og oversida har monaleg mengd av små kvite flekker.

Nebbet er tynt, rett og skarp, og fuglen held ofte nebbet i ein oppløfta vinkel. Sjølv om farga på nebbet endrar seg frå svart om sommaren til bleikgrått om vinteren, er taiminga av fargeendringa ikkje naudsynleg i samsvar med fuglen si samla fjørdraktendring. Iris er raudleg.

I likskap med dei andre medlemmene av slekta, er smålom godt tilpassa vassmiljøet: skjellett med bein som har høg densitet hjelper han til å dukke, symjeføtene festa heilt bak på kroppen gjev utmerkt framdrift og kroppen er lang og straumlinjeforma. Føtene er store, opninga mellom dei fremre tre tærne har komplett symjehud, og tarsen er flat, noko som reduserer motstand og lèt beina røra seg lett seg gjennom vatnet.[4]

 
I flukt er pukkelryggprofilen hos smålom karakteristisk

I flukt har smålom ein særeigen profil; føtene stikk ikkje veldig lang bak kroppen, hovudet og halsen ligg under ei linje gjennom kroppen, det gjev den flygande fuglen ei utprega pukkelrygga form, og dei tynne vengene er vinkla litt bakover. Han har raskare og djupare vengeslag enn andre lomartar.[5]

Vaksne smålommar har ei rekkje vokaliseringar brukt i ulike situasjonar. I flukt, når ein smålom passerer ein artsfrende eller sirklar over hekkeplassen, gjev han ein serie av raske rytmiske gåseliknande kaklingar. Varsellætet er eit kort kvekkande bjeff. Songen er høglydde, jamrande 'aarOOao ... aarOOao ...' i duett mellom partnarane, hoa sterkast og mest skringrande 'arro-arro-arro'.[5]

Forvekslingsartar

På kort eller middels lang avstand er vaksne smålommar i begge fjørdrakter vanlegvis enkle å artsfastsette. Men under visse lysforhold, på bestemte fasar av mytesyklusen, eller ved større avstandar, kan han forvekslast med storlom, og stundom toppdukkar. Smålom viser meir kvitt på hovud og nakke enn storlom, og vanlegvis syner dei meir lyse parti på kroppssidene enn storlom. Ein annan skilnad er at smålommen vanlegvis held nebbet meir oppeikande enn storlommen.

Habitat og utbreiing endre

Smålommar hekkar først og fremst i dei arktiske regionane i nordlege Eurasia og Nord-Amerika, vanlegvis nord for 50 ° N breiddegrad, og overvintrar i nordlege kystnære farvatn, inkludert Dei store sjøane, Svartehavet og Kaspihavet. I motsetnad til andre lommar, brukar han regelmessig svært små innsjøar som hekkeplassar.

Han trekker regelmessig sørover langs begge kystar av Nord-Amerika, utbeiingsområdet strekkjer seg så langt sør som Californiahalvøya og Californiabukta i nordvestlege Mexico, og til Florida på atlanterhavskysten. I Europa hekkar arten på Island, nordlege Skottland, nokre få på nordvestlege Irland, Fennoskandia og tvers over nordlege Russland. Dei overvintrar langs kysten så langt sør som til kysten av Portugal; han kan òg sjåast jamleg langs kystar av Middelhavet, Egearhavet og Svartehavet, og dessutan i store elver, innsjøar og dammar. I Asia hekkar han i nordaustlege Sibir, og overvintrar langs stillehavskysten så langt sør som Kina, Japan og Taiwan.

Smålom i Noreg endre

Smålommen har hatt hekkeområde spreidd over heile landet, no er tyngdepunktet i Trøndelag og kysten frå Møre til Vesterålen. Bestanden er estimert til totalt mellom 1000 og 5000 hekkande par, men storleiken på populasjonen i landet er trudd å ha vore langt høgare tidlegare, særleg i Sør-Norge. Årsaker til nedgangen er jakt, sur nedbør, uro og tap av hekkelokalitetar. På Svalbard hekkar eit ukjent tal par, truleg færre enn 1000 par.[6][7]

Ute ved kysten kan smålommen hekke ved særs små og fiskelause tjern, også på øyar. Dei vil då hente næring frå havet også i hekketida.[2]

Trekket av smålommar i Noreg går sørover, og mange endar truleg med overvintring rundt Nordsjøen, inkludert norskekysten, eller nokre så langt sør som til Biscayabukta.[7] Det lever smålom langs norskekysten frå Andøy kommune og sørover i månadene november til februar.[8] I 1951 vart det funne eit individ i Vest-Agder som var ringmerkt ved Grønland.[2]

Åtferd endre

Fordi føtene er plassert så langt bak på kroppen, er smålommar ganske klønete gå på land, men dei kan bruke føtene til å skyve seg framover på buken. Det er den einaste lomarten som er i stand til å gå rett opp i lufta når dei tar til flukt, og kan jamvel ta av direkte frå land.[9] Om han blir skremd, kan han senke seg i vatnet slik at berre hovudet eller nebbet blir synleg over vassoverflata.[10]

Smålom er ein dagaktiv flyttfugl, som reiser åleine eller i lause grupper, ofte høgt. Sibirske populasjonar kan flyge hundrevis av kilometer over land på veg til overvintringsområdet,[9] elles vil dei trekke langs kystar. Han er ein sterk flygar, og har vore målt i mellom 75 og 78 kilometer i timen.[11] Som alle medlemmer av familien, går smålom gjennom ein samtidig vengemyting, mistar alle vengefjørene på ein gong og blir ute av stand til å flyge for ein periode på tre til fire veker.

 
Når ungane er meir enn 3-4 dagar gamle, blir dei fôra med aukande mengd fisk som kan vere ganske store i høve til storleiken på ungen
Foto: Henrik Thorburn

Alle artar av lommar, inkludert smålom, er i hovudsak fiskeetarar, sjølv om smålommen nokon gonger beitar på blautdyr, krepsdyr, froskar, vasslevande virvellause dyr, insekt, fiskeyngel eller plantematerialar. Kvart dukk går ned til ei djupne på 2 til 9 meter, med eit gjennomsnittleg dukketid på omtrent eit minutt,[3] øvre grense ca. 1,5 minutt.[12]

Hekking og overleving endre

 
Smålomegg

Smålom er ein monogam art som dannar langsiktige parforhold. Begge kjønn byggjer reiret, som er ei grunn senking i bakken, av og til ei plattform av gjørme og vegetasjon, fôra med vegetasjon og nokon gongar eit par fjører. Reiret er gjerne plassert innanfor ein halv meter frå vasskanten. Hoa legg vanlegvis to egg, sjølv om kull på eitt og tre egg òg har vore registrert. Egga blir ruga i 24-29 dagar, først og fremst av hoa. Ruginga byrjar så snart det første egget er lagd, slik at ungane blir klekt asynkront. Viss eit kull går tapt før klekking, til dømes av predasjon eller flom, vil smålommar vanlegvis legge ein nytt kull, gjerne i eit nytt reir.[13] Ungane har opne auge ved klekking, er dunete og klare til å symje.

Gjennom dei første dagane etter klekkinga, fôrar begge foreldra smålomungane med vasslevande insekt og små krepsdyr. Etter 3-4 dagar, blir dietten utvida med aukande mengd fisk i små nok storleik for ungane til å svelgje heile. Men frå firevekersalderen, får ungar fisk av same storleik som foreldre et. Begge foreldra matar ungane i opptil 38-48 dagar. Lengste kjente levealder er 23 år.[14]

Bevaringsstatus og trugsmål endre

Sjølv om smålom ikkje er ein globalt truga art, har ein stor populasjon og er vidt utbreidd, synast bestandar å vere avtakande. Estimert global populasjon ligg mellom 200 000 til 590 000 individ og utviklinga er negativ.[15]

Trugsmåla for smålommen er kystnære vindparkar under trekket,[16] forsuring av innsjøar og høge nivå av kvikksølv i miljøet har ført til reproduksjonssvikt i enkelte område.[17] Raudrev er store predatorar av egg,[18] medan storjo, tjuvjo og ulike arter av Larus-måsar, inkludert svartbak og polarmåse[19] er predatorar av både egg og ungar.

Arten er kjent for å fungere som vert for over 50 artar av parasittar. I løpet av ein algeoppbløming i 2007, døydde ei stor mengd fuglar av hypotermi, etter at fjørdrakta vart samanfiltra av eit proteinbiprodukt av algar, som reduserte dei isolerande eigenskapane til fjørene deira.[20]

Med mykje fisk i dietten er smålommar sårbare for persistente organiske miljøgifter og tungmetall, som begge bioakkumulerast, og dermed er ein potensiell årsak til større problem for langliva artar på eller nær toppen av næringskjeda.[21] Elles er smålommar sårbare for garnfiske og andre former for menneskeleg uro.

I kulturen endre

Urfolk i enkelte delar av verda jaktar framleis smålom,[22] både egg og fuglar blir nokre gonger tatt i monaleg mengd.[23] Somme stader i Russland blei smålomskinn tradisjonelt brukte til å laga hovudklede og diverse klededekorasjonar, inkludert halsband.[24] Arten var òg sentral i mytologiar hos urfolkgrupper over heile holarktis.[25]

Så seint som på 1800-talet, vart åtferda til smålom brukt til å føreseia vêret i samsvar med den konvensjonelle visdomen på den tida. Om fuglar flaug innover i landet eller gjorde korte rop spådde det godt vêr, men om dei flaug ut i havet eller gav lange, klagande rop, ville det bli regn.[26]Orknøyane og Shetlandsøyane i Skottland er arten framleis kjent som 'regngås' i respekt for evna til å føreseie vêret.[27] Folk på Færøyane meinte at viss smålommen mjaua som ein katt, så var regnvêr i vente, medan rop som 'gaa-gaa-gaa' eller 'turkatrae-turkatrae' spådde fint vêr.[28]

Bhutan, Japan og Komorane har brukt smålom i frimerkemotiv.[29]

Kjelder endre

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av smålom Gavia stellata for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Haftorn, Svein (1971). Norges fugler. Oslo: Universitetsforlaget. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Carboneras, C., Christie, D.A. & Garcia, E.F.J. (2016). Red-throated Loon (Gavia stellata) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 29. april 2016
  4. Sibley, David; Elphick, Chris; Dunning, Jr., John B., red. (2001). The Sibley Guide to Bird Life & Behaviour. London: Christopher Helm. s. 124–25. ISBN 0-7136-6250-6. 
  5. 5,0 5,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  6. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022. 
  7. 7,0 7,1 Vidar Bakken, Runde O., Tjørve E., Koblik E. A., Norsk RingmerkingsAtlas. Volum 1. Ringmerkingssentralen, Stavanger museum, Stavanger 2003. ISBN 82-90054-62-9
  8. Søk på artsobservasjoner.no, totalt 2000 individ er registrert nov-feb i perioden 2000-2016, frå Nordland og sørover, størst tal for Sør-Trøndelag og Rogaland, og dei fleste observasjonane er gjort i 2015
  9. 9,0 9,1 Carboneras, C. & Bonan, A. (2016). Loons/Divers (Gaviidae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52191 on 29. april 2016).
  10. Ivory, A. 1999. Gavia stellata (On-line) Animal Diversity Web. Henta den 29. april 2016
  11. Davis, Rolph A. (January 1971). «Flight speed of Arctic and Red-throated Loons» (PDF). The Auk 88 (1): 169. JSTOR 4083974. doi:10.2307/4083974. 
  12. Johnsgard, Paul A., Diving Birds of North America (1987).
  13. Schamel, Douglas; Tracy, Diane M. (Summer 1985). «Replacement clutches in the Red-throated Loon]» (PDF). Journal of Field Ornithology 56 (3): 282–283. 
  14. Staav, Roland; Fransson, Thor (2008). «European Longevity Records». EURING: The European Union for Bird Ringing. Henta 29. april 2016. 
  15. BirdLife International (2016) Species factsheet: Gavia stellata Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 29. april 2016
  16. Stienen, Eric W.M.; Waeyenberge, Van; Kuijken, Eckhart; Seys, Jan (2007). «Trapped Within the Corridor of the Southern North Sea: The Potential Impact of Offshore Wind Farms on Seabirds». I de Lucas, Manuela; Janss, Guyonne F.E.; Ferrer, Miguel. Birds and Wind Farms: Risk Assessment and Mitigation (PDF). London: Quercus. s. 71–80. 
  17. Eriksson, M.O.G.; Johansson, I.; Ahlgren, C.G. (1992). «Levels of mercury in eggs of red-throated diver Gavia stellata and black-throated diver G. arctica in southwest Sweden». Ornis Svecica 2 (1): 29–36. 
  18. Schamel, Douglas; Tracy, Diane (Summer 1985). «Replacement Clutches in the Red-throated Loon» (PDF). Journal of Field Ornithology 56 (3): 282–83. 
  19. Eberl, Christine; Picman, Jaroslav (July–September 1993). «Effect of Nest-site Location on Reproductive Success of Red-throated Loons (Gavia stellata (PDF). The Auk 110 (3): 436–444. JSTOR 4088408. doi:10.2307/4088408. 
  20. Jessup, David A.; Miller, Melissa A.; Ryan, John P.; Nevins, HM; et al. (23 February 2009). Bennett, Peter M., red. «Mass Stranding of Marine Birds Caused by a Surfactant-Producing Red Tide». PLoS ONE 4 (2): e4550. PMC 2641015. PMID 19234604. doi:10.1371/journal.pone.0004550. 
  21. Dickson, D. Lynne; Gilchrist, H. Grant (2002). «Status of Marine Birds of the Southeastern Beaufort Sea» (PDF). Arctic 55 (supp. 1): 46–58. 
  22. Bird, Louis; Brown, Jennifer S.H. (2005). Telling Our Stories: Omushkego Legends and Histories from Hudson Bay. Broadview Press. ISBN 1-55111-580-8. 
  23. Forbes, Graham; Robertson, Kelly; Ogilvie, Carey; Seddon, Laura (September 1992). «Breeding Densities, Biogeography, and Nest Predation of Birds on Igloolik Island, NWT» (PDF). Arctic (Peterborough, Ontario) 45 (3): 295–303. doi:10.14430/arctic1404. 
  24. «Red-throated Loon». Birds of North America Online. Cornell Laboratory of Ornithology og American Ornithologists' Union. Henta 29. april 2016.  (krev registrering)
  25. Köngäs, Elli Kaija (Spring 1960). «The Earth-Diver (Th. A 812)». Ethnohistory 7 (2): 151–80. JSTOR 480754. doi:10.2307/480754.  (krev registrering)
  26. «Red-throated Diver». British Trust for Ornithology. Henta 29. april 2016. 
  27. «Rise in divers mystifies experts». BBC News. 7 September 2007. Henta 29. april 2016. 
  28. Armstrong, Edward A. (1970) [1958]. The Folklore of Birds. New York, NY: Dover Publications. s. 62–63. ISBN 0-486-22145-8. 
  29. Scharning, Kjell. «Stamps showing Red-throated Loon Gavia stellata». Theme Birds on Stamps. Henta 29. april 2016. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Smålom