Småplanetgruppa kentaur

Kentaurane er ei gruppe småplanetar namngjevne etter dei mytiske kentaurane. Kentaurane går i bane rundt Sola mellom bana til Jupiter og Neptun; og banane deira kryssar dei av gassplanetane. Den første kentauren vart oppdaga i 1977 og namngjeven 2060 Chiron. Den største funnen så langt heiter 10199 Chariklo, vart oppdaga i 1997 og er omtrent 225 km i diameter.

Posisjonane til kjende solsystemobjekt. Kentaurane er objekta viste som oransje, dei grøne objekta utanfor høyrer til Kuiperbeltet.

Ingen kentaur har så langt blitt fotografert frå nært hald av ein romsonde, men det finst bevis for at saturnmånen Phoebe kan vera ein innfanga kentaur. Phoebe vart fotografert av Cassini-sonden i 2004. Romteleskopet Hubble har skaffa litt informasjon om overflatetrekka til 8405 Asbolus.

Tre kentaurar, Chiron, 60558 Echeclus og 166P/NEAT 2001 T4 har komet koma. Chiron og Echeclus er no klassifisert som både asteroidar og kometar. Det er mogleg at også andre kentaurar er kometar, men så langt har ingen fleire blitt identifisert.

Solsystemet
SolaMerkurVenusMånenJordaPhobos og DeimosMarsCeresAsteroidebeltetJupiterMånane til JupiterSaturnMånane til SaturnUranusMånane til UranusMånane til NeptunNeptunMånane til PlutoPlutoKuiperbeltetDysnomiaErisDen spreidde skivaOortskya
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet