Smólikas (gresk skrift Σμόλικας, arumensk Smolcu) er det nest høgaste fjellet i Hellas etter Ólymbos med ei høgd på 2 647 meter og det høgaste i fjellkjeda Píndos. Fjellet består av ofiolitt. Dei siste isbreane i området trekte seg tilbake for om lag 11 500 år sidan. (Hughes et al. 2006).

Smólikas
Σμόλικας
fjell
Land  Hellas
Område Ioánnina
Fjellkjede Pindos
Høgd 2 637 moh.
Koordinatar 40°05′50″N 20°55′30″E / 40.09722°N 20.92500°E / 40.09722; 20.92500
Kart
Smólikas
40°05′23″N 20°55′34″E / 40.089722222222°N 20.926111111111°E / 40.089722222222; 20.926111111111
Wikimedia Commons: Smolikas

Fjellet er om lag 15-20 km langt frå aust til vest og om lag 10 km breitt. Elva Aóos (Vjosë) renn sørvest for fjellet. Frå toppen kan ein sjå Vóiofjella i nordaust, Lýgos i sørvest, Týmfi i sør og Grámmos i nordvest.

Næraste stader endre

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Smolikas» frå Wikipedia på engelsk, den 26. august 2007.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Hughes, P.D., Woodward, J.C., Gibbard, P.L. (2006) The last glaciers of Greece. Zeitschrift für Geomorphologie, vol. 50, p. 37-61.