Smerte er ei oppleving av ubehag, oppfatta anten gjennom sansar eller kjensler, men handsama i hjernen. Me skil mellom akutt og kronisk smerte.

Illustrasjon av podagrasmerte, her framstilt som ein liten demon som har klort seg fast til foten.
Polititrening der ein øver på å påføra ein arrestant ufarleg smerte som kan gje kontroll.
Foto: Gerald L. Nino

Oppfatting endre

Oppfatting av smerte gjennom sansane skjer gjennom at smertereseptorar i sentralnervesystemet vert stimulerte, og sender signal til hjernen. Ein kjenner gjerne smerte i samband med skade eller fare for skade på cellevev.

Smerte er ei subjektiv kjensla, og vert opplevd ulikt frå person til person. Når ein person toler store fysiske påkjenningar, seier ein at han har høg smerteterskel.

Funksjon endre

Smerte kan vera eit signal om at ein må slutta å gjera noko (til dømes røra noko varmt) eller ta det med ro (til dømes ved sjukdom).

Å gje nokon smerte, eller truga med det, kan vera ein måte å kontrollera dei på, til dømes gjennom fysisk avstraffing eller tortur.

Lindring endre

Det finst mange måtar å lindra smerte på i det moderne samfunnet, særleg ved hjelp av ei rekke smertestillande middel frå aspirin til morfin. Akupunktur, elektroterapi, massasje og å endra temperaturen på det smertefulle området er også måtar å stilla smerte på.

I samband med smertefulle (og som regel livstrugande) sjukdommar meiner nokre at det er betre å døy enn å leva i smerte. Dei ivrar då for eutanasi eller medkjensledrap.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Smerte
  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.