Snøbrett, etter engelsk snowboard, er ein vinteridrett med opphav i bølgjesurfing. Med ei rundt halvannan meter lang, 30 cm brei plate festa til føtene, renn ein ned bakkar utan stavar. Ein kan tevla om å gjera dette så raskt eller så imponerande som mogleg, men som med dei andre vinteridrettane driv mange med snøbrettkøyring fordi det er morosamt.

Snøbrettkøyring.
Snøbrett
Snøbrett

Snøbrett eignar seg godt til å køyra i laussnø utanfor hovudbakken. Bretta er lettare å styra i laussnø enn to ski, og breidda på brettet gjer at den som køyrer ikkje søkk så djupt. Ein køyrer ofte òg snøbrett i særskilde bakkar med hopp, rekkverk, benker og halfpipe der ein kan gjera ulike triks.

Historie endre

Det var surfarar frå California som sette i gang idretten då dei tok surfebretta sine til fjellet om vinteren. Sidan byrjinga ved slutten av 60-talet har utviklinga gått raskt, og i dag blir det selt over 500 000 snøbrett årleg på verdsbasis. Til Noreg kom idretten på slutten av 70-talet, og i byrjinga av 80-åra utvikla sporten seg rundt eit miljø på Tryvann. Anders Wittussen starta allereie i 1982 med norsk produksjon av snøbrett under merkenamnet «Utopia». Norges snowboardforbund (NSBF) blei oppretta i 1987.

Snøbrett blei innført som ei grein i OL i Nagano i 1998.

Disiplinar endre

På snøbrett kan ein tevla innan

Norske kjente snøbrettkøyrarar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Snøbrett

Kjelder endre