Ei snøfonn er ein haug av snø som vinden (snøfokk) har blese saman. Dei liknar sanddyner, som vert danna på liknande måte. Vinden flyttar lett snø, som fell til bakken når vinden vert svekka, vanlegvis mot ein fast lekam.

Snøfonn i Paducah, Kentucky, USA i desember 2004

Dei påverkar trafikkforholda, og kan ofte gje same konsekvensar som eit kraftig snøfall. Ein finn ofte snøfonner langs vegar, som langs midstripa av vegen. I fjellområde kan ein lage snøgjerde eller skigardar på vindsida av vegen for å samle opp snøen i fonner langs gjerde før den når vegen.

Snøen bles vanlegvis frå høge område, som ei vidde eller ein ås.

Sjå òg endre