Ei klimatisk snøgrense er ei høgdegrense for område som vert snø- og isfrie i løpet sommaren. Den faktiske snøgrensa kan gjennom året vere langt lågare.

Cotopaxi i Ecuador (5897 moh), sett frå 3700 moh med ei snøgrense på om lag 5000 moh
Snøgrense i Alpane.

Vekselverknaden mellom høgde og breiddegrad påverkar korleis snøgrensa endrar seg frå område til området. Ved eller nær ekvator er han typisk på kring 4500 meter over havet. Når ein flyttar seg mot dei tørrare områda nær vendekrinsane vert snøgrensa høgare. I Himalaya kan den permanente snøgrensa vere så høg som 5700 meter over havet. Utanfor tropane vert snøgrensa gradvis lågare med høgare breiddegrad, til like under 3000 meter over havet i Alpane og heilt ned til det permanente isdekket nær polane.

I tillegg vil nærleiken til kysten påverke snøgrensa. Område nær kysten har som regel lågare snøgrense enn andre område på same breiddegrad i innlandet, fordi dei får meir nedbør om vinteren, og fordi temperaturen om sommaren gjerne er høgare i innlandet. I Noreg er derfor snøgrensa lågare på Vestlandet (på Ålfotbreen kring 1200 moh) enn på Austlandet (i Aust-Jotunheimen kring 2100 moh). Han fell òg nordover (på Seiland kring 900 moh). På austkysten av Svalbard går han ned til 200–300 moh.

Forskjellige snøgrenser:

Svalbard 78°N 0300–0600 m
Skandinavia ved polarsirkelen 67°N 1000–1500 m
Island 65°N 0700–1100 m
Det sørlege Skandinavia 62°N 1200–2200 m
Alpane (nordsida) 48°N 2500–2800 m
Dei sentrale Alpane 47°N 2900–3200 m
Alpane (sørsida) 46°N 2700–2800 m
Pyreneane 43°N 2600–2900 m
Kaukasus 43°N 2700–3800 m
Karakoram 36°N 5400–5800 m
Transhimalaya 32°N 6300–6500 m
Himalaya 30°N 4800–6000 m
Kenya 4600–4700 m
Ny-Guinea 2°S 4600–4700 m
Andesfjella i Ecuador 2°S 4800–5000 m
Kilimanjaro 3°S 5500–5600 m
Andesfjella i Chile 27°S 5800–6500 m
New Zealand 43°S 1600–2700 m
Tierra del Fuego 54°S 0800–1300 m
Antarktis 70°S 0000–0400 m

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Snow line» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2011.
  • Charlesworth J.K. (1957). The quaternary era. With special reference to its glaciation, vol. I. London, Edward Arnold (publishers) Ltd, 700 pp.
  • Flint, R. F. (1957). Glacial and Pleistocene geology. John Wiley & Sons, Inc., New York, xiii+553+555 pp.
  • Kalesnik, S.V. (1939). Obshchaya glyatsiologiya [General glaciology]. Uchpedgiz, Leningrad, 328 pp. (in Russian)
  • Tronov, M.V. (1956). Voprosy svyazi mezhdu klimatom i oledeneniem [The problems of the connection between climate and glaciation]. Izdatel'stvo Tomskogo Universiteta, Tomsk, 202 pp. (in Russian)
  • Wilhelm, F. (1975). Schnee- und Gletscherkunde [Snow- and glaciers study], De Gruyter, Berlin, 414 pp. (in German)

Sjå òg endre