Snøpetrell

fugleart
Snøpetrell
Snøpetrell, Pagodroma nivea Foto: Samuel Blanc
Snøpetrell, Pagodroma nivea
Foto: Samuel Blanc
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Snøpetrell
Utbreiinga av Snøpetrell
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Pagodroma
Art: Snøpetrell P. nivea
Vitskapleg namn
Pagodroma nivea

Snøpetrell (Pagodroma nivea) er ein liten, heilkvit fullmarin petrell med svart underdun, kolsvarte augo, eit lite svart nebb og blåaktige til grå føter. Kroppslengda er frå 36 til 41 centimeter og vengespennet frå 76 til 79 cm. Snøpetrellen har hekkedistribusjon lengre sør enn nokon annan fugleart, er ein av berre tre artar som ikkje hekkar andre stader enn på Antarktis og han har jamvel vore sett på Sørpolen. Arten er monotypisk i slekta Pagodroma.

Snøpetrellegg

Hekkekoloniane ligg på fastlandet på Antarktis, medrekna Dronning Mauds land, Antarktishalvøya og på fleire øyar inklusive Bouvetøya. Koloniane varierer i storleik og ligg vanlegvis i fjellsider nær havet, men også i innlandet. Somme individ kan halde seg i kolonien året rundt, men koloniane har stor auke i populasjon frå midten av september til byrjinga av november. Reiret er ei enkel grop i småstein plassert i holrom under steinar med vern frå overheng. Snøpetrellen legg eit kvitt egg i perioden frå slutten av november til midten av desember, rugetida er frå 41 til 49 dagar og ungane treng varme i 8 dagar. Dei er flygedyktige tidlegast 7 veker seinare. Levealderen er frå 14 til 20 år. Føda til snøpetrellen er fisk, kril, litt blekksprut og blautdyr så vel som åtsel. Som mange petrellar kan desse fuglane sprute ei voksaktig, illeluktande væske på reirinntrengjarar. Denne olja stinkar av fisk, og er vanskeleg å fjerne.

Om vinteren kan dei spreie seg nordover til pakkisen, til isflak, men sjeldan på ope hav. Berre unntaksvis er dei observert nord for pakkisen. Typisk er dei samla på isfjell.

Kjelder endre