Snøsau

pattedyrart
Snøsau
Snøsau
Snøsau
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Snøsau
Utbreiinga av Snøsau
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Paraxonia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kvegdyr Bovidae
Underfamilie: Caprinae
Slekt: Ovis
Art: Snøsau O. nivicola
Vitskapleg namn
Ovis nivicola

Snøsau (Ovis nivicola) er ein villsauart i slekta Ovis. Han kjem frå fjellområde i Sibir. Arten finst i Nordaust-Sibir frå Lena-elva til Tsjukotka og Kamtsjatka. Ein underart, Ovis nivicola borealis, lever isolert frå dei andre typane i Putoranfjella sentralt i Sibir.[1]

Snøsau blir 160–180 cm og 90–100 cm høg i mankehøgd. Hoer veg 60–65 kg og hannar 90–120 kg. Han har mørkebrun pels. Dei er nært i slekt med dei nordamerikanske artane tynnhornsau og tjukkhornsau, men har mindre horn enn tjukkhornsau.[2]

Kjelder endre

  1. Harris, R.B. & Tsytsulina. K. 2008. Ovis nivicola. The IUCN Red List of Threatened Species 2008: e.T15740A5076357. Henta 24. juni 2020.
  2. «snøsau». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 28. september 2014. 

Bakgrunnsstoff endre