Snart 17 er ein norsk film frå 1984, instruert av Laila Mikkelsen, med manus av Karin Sveen. Filmen er ein typisk tenåringsfilm.

Handling endre

Filmen handlar om Marianne, som møter ein brevvenn frå Hamar. Desse to har ei natt saman, og Marianne blir gravid. Filmen handlar mykje om korleis ho slit med tanken på svangerskapet, og korleis ho løyser problemet gjennom abort.

Filmen er inspirert av ei novelle Ingeborg Refling Hagen skreiv i 1923, Loke sår havre. I denne novella får ei ung jente eit uønskt barn, tek skulda sjølv, og kastar seg i eit tjern med ungen heller enn å la barnet koma på legd. Handlinga i "Snart 17" er sett til moderne tid, og abort blir løysinga for Marianne.