Snut eller snute er området som omgjev og omfattar munnen og som regel også nasen på ein del dyr. Snuten kan også ha andre sanseorgan, som verhår. Det er typisk ein smalnande kroppsdel som strekkjer seg framover frå panna, men kan variera mykje på form. Snuteforma kan vera eit viktig kjenneteikn for ein dyreart eller ein rase.[1]

Snuten på ein borzoi er lang
Snuten på ein villkatt er kort

Ein snakkar mellom anna om snute på pattedyr, amfibium, krypdyr og tildels andre dyr, som fiskar og insekt. Snutebiller er et kjent eksempel frå insektverda, mens pansermaller er fiskar ein gjerne omtalar som lang- eller kortsnuta. Hjå enkelte pattedyr er snuten sterkt avspissa som eit nebb, og då omtalar ein han gjerne som dette, til dømes hjå nebbkvalar og nebbdyr.

Overført tyding endre

Snute kan brukast som slang eller nedsetjande uttrykk om ansiktet eller munnen til menneske. Snut er også eit nedsetjande slanguttrykk for politi.

Ein kan også omtala framdelen av ting som snutar, til dømes snuten på ein bil, eit fly eller ein båt (baugen). Den framstikkande delen av sko kan også omtalast som snute.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1.   (2000). Krokodiller. Gyldendal undervisning. s. 4. ISBN 8205270112. ; Roig, Olaf A. (1958). Hundene i farger. Aschehoug. s. 3.